Viti er regionmuseet for Sunnmøre og forvaltar kulturhistorie, kunst og ikkje-materiell kulturarv på vegne av samfunnet.

Nyleg publisert

Aktuelt

Om VITI

Viti er regionmuseet for Sunnmøre og forvaltar kulturhistorie, kunst og ikkje-materiell kulturarv på vegne av samfunnet. Vi har aktivitetar i alle kommunane på Sunnmøre, gjennom arrangement, digitale opplevingar, drift av arenaer, turnear, innsamling, dokumentasjon og bevaring, formidling, forvaltning og forsking. Viti er ein møtestad for kunnskap og opplevingar der grunnlaget ligg i samlingane våre. Vi forvaltar store foto-, gjenstand- og kunstsamlingar, kulturhistoriske bygningar og båtar.

Stiftinga Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim og består av ei rekke museumsarenaer:

Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund

Fiskerimuseet i Ålesund

Sunnmøre museum i Ålesund

Middelaldermuseet i Ålesund

Naturmuseet i Sykkylven

Møbelmuseet i Sykkylven

Sivert Aarflot-museet i Volda

Anders Svor-museet i Hornindal

Brudavolltunet i Ørsta

Folkemusikkarkivet

Ei rekkje flytande kulturminne, mellom anna bankskøyta Storeggen av Aalesund og shetlandsbussen Heland.

Viti er også ein del av Kystverkmusea og The Réseau Art Nouveau Network.

For meir informasjon sjå musea sine felles heimesider: www.vitimusea.no.

Our museums

Share to