Vest-Telemark Museum Eidsborg med sitt nye moderne museumsbygg, tun med over 30 hus og Noregs eldste ikkje kyrkjelege trebygning frå 1167, og ikkje minst Eidsborg stavkyrkje som kan tidfestast tilbake til 1200-talet.

Om Vest-Telemark Museum

Vest-Telemark Museum er eit konsolidert museum med i alt 11 einingar. Administrasjonen held til i museet i Eidsborg, like ved Eidsborg stavkyrkje. Dei andre einingane er spreidde over resten av regionen: Norsk Skieventyr i Morgedal, Kviteseid Bygdetun, Åmdals Verk Gruver, Grimdalstunet i Skafså, Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle, Dyre Vaa-samlingane og Skinnarlandsamlinga i Rauland, Fyresdal Bygdemuseum, Øyfjell Bygdemuseum og Myllarheimen i Arabygdi.

Våren 2012 opna eit nytt museumsbygg i Eidsborg. Same år blei museet kåra til Årets museum av Museumsforbundet. I 2015 opna Kanalparken i Eidsborg, som inneheld bl.a. ein 105 m lang, vassførande modell av Telemarkskanalen med sluser.

VTMs samlingar har lokal tilknyting og dekkjer tema som folkekunst, handverk, brynesteinshistorie, gruvehistorie, skihistorie, polarhistorie, kraftutbygging og kunsthistorie.

Kunstsamlingane representerer i fyrste rad kunstnarane Dyre Vaa, Knut Skinnarland, Anne Grimdalen, Gunnar Utsond, Henrik Sørensen, Harald Kihle og Svallaug Svalastoga med faste utstillingar. I magasinet er det måleri av bl.a. Øystein Vesaas, Olav Sandaker, Lello Greco, Nanna Kiønig og Ture Holm.

Den kunst- og kulturhistoriske samlinga er på om lag 22.000 registrerte gjenstandar og vel 11 000 foto. VTM forvaltar og har ansvar for 95 antikvariske/verneverdige bygningar. Dei syner byggeskikk over eit tidsrom frå 1167 til omkring 1970. 8 av bygga er freda og 5 bygg er under vurdering for freding. Døme på bygningar er Noregs eldste profane trebygning Stålekleivloftet (Vindlausloftet) frå 1167 og Flekstveitstoga frå 1750 med den fyrste interiørmålinga av Talleiv Målar.

Når det gjeld publiseringa på Digitalt Museum, vil det ta tid å få heile samlingane ut på nett. På grunn av mykje tilfeldig registrering opp gjennom åra, er det eit stort kvalitetssikringsarbeid som må gjerast før publisering. Dette arbeider me med kontinuerleg.

Visit us

Share to