Båtar og leik

article image
Photographer: Henning A. Hellebust, Musea i Sogn og Fjordane.

Ta med elevane på ei reise tilbake i tid til då jektene frakta varar mellom bygd og by.

Maximum attendees

30 elevar

Place

Brendøyvegen, 6906 Florø, Norge se kart

Duration

2 klokketimar

Time period

Veke 21-23

Cost

Free

Other info

Klassetrinn: 3. trinn. Ta med ein bærepose per elev, då har dei noko å frakte båtane heim i. Noko av opplegget går føre seg utandørs og det kan derfor være lurt å ha med sitjeunderlag. Ha også med varme klede! Sjølv om det er seint i mai/starten av juni er det framleis kjølig i Båthallen, dessutan kan det blåsa bra rundt museet.

Competency goals

Inneholder læringsmål for:
  • 3. - 4. trinn: Kunst og håndverk (KHV01-02) and Samfunnsfag (SAF01-04)

Kunst og håndverk (KHV01-02)

grades 3 - 4

  • bruke håndverktøy og sammenføyningsteknikker i tre, leire og tekstil på en miljøbevisst og trygg måte

Samfunnsfag (SAF01-04)

grades 3 - 4

  • utforske kulturminne og korleis menneska levde i den tida kulturminna er frå, og samanlikne med korleis vi lever i dag

Show competency goals

I det pedagogiske opplegget Båtar og leik blir elevane betre kjend med 17- og 1800-talets trebåtar – frå den litle færingen til den store jekta! Gjennom dei skal vi lære om korleis dei livnæra seg langs fjord og kyst, korleis båten knytta bygd til by, og Noreg til omverda.

Båtar og leik består av tre ulike delar. I båthallen skal elevane få lære om ulike eldre fartøytypar, korleis dei vart brukt og kva rolle båten har spilt for livet langs fjord og kyst. Båten har også gjort det mogleg for oss å ha kontakt med den store verda utanfor. Ved å bruke båtane i samlinga vår som eksempel får elevane også lære namn på dei ulike delane av båten og korleis båtane vart konstruert.

Elevane skal også få lage kvar sin modell av ei jekt med skrog, segl, mast og tauverk. Denne får dei sjølvsagt med seg heim.

I båthallen står ei av Noregs eldste trebåtar, Sunnfjordjekta ‘Bakkejekta’ frå 1750. Saman med Nordfjordjektene og Sognejektene danna den eit viktig nettverk for transport av varar mellom bygd og by. Reisa med jekt til Bergen vil elevane få lære meir om gjennom spelet «Med årar og segl til Bergen».

Pedagogisk gjennomføring

  1. Vi startar dagen med å samle oss i resepsjonen/kafeen på Kystmuseet. Her vil programmet for dagen bli presentert for elevane.

  2. Omvising i Båthallen med formidlar. Her vil dei få høyra om båthistoria og korleis ein har nytta båt på 1800-talet, ikkje minst kvifor båtane var så viktige for livet ved kysten og korleis dei er konstruert.

  3. Elevane blir delt i to grupper.

Del 1. Ei gruppe skal byggje trebåtar, dette vil gå føre seg på bryggja mellom museumsbygga (inne om dårleg vær). NB! Fyrst visar og fortel formidlaren korleis elevane skal byggje trebåten, men etter dette er det lærarane sjølve som styrar denne aktiviteten.

Del 2. Ei gruppe skal spele spelet «Med årar og segl til Bergen» inne i Båthallen. Her vil dei lære meir om reisa med jekt til Bergen.

Desse aktivitetane skjer parallelt. Halvvegs bytar gruppene aktivitet.

  1. Avslutning: etter at gruppene har vore innom begge aktivitetane, så samlast alle for ein kort oppsummering på bryggja mellom musea.

Båtane som elevane har laga kan dei ta med seg heim att.

Order form

More school experiences

School
Card Image

Porteføljeindustrien i Halden

Halden historiske Samlinger

Samfunnsfag grades 5 - 7
School
Card Image

I gamle dagar

Museumssenteret i Hordaland

Musikk Norsk Samfunnsfag grades 1 - 2 grades 3 - 4
School
Card Image

Museumsbuss: Ungdom og identitet

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum

Samfunnsfag grades 8 - 10

Share to