Barndom på 1800-talet

article image
Photographer: Henning A. Hellebust

Korleis var det å vere barn på 1800-talet? Med utgangspunkt i nokre av husa i museumstunet og aktivitetar, skal elevane få eit innblikk i korleis det kunne vere å bu og leve på denne tida, i sunnfjordbygdene. Elevane får mellom anna prøve å bære vatn med vassele og kverne korn. Opplegget passar godt å kombinere med tilbodet "Skulen i gamle dagar".

Maximum attendees

30

Place

Sunnfjord museum, Jølstravegen, Mo, Norge se kart

Duration

1,5 time

Time period

Tirsdagar, onsdagar og torsdagar i vekene 20, 21, 22, 23 og 24

Cost

Free

Other info

Vi er mykje ute og inne i kalde, antikvariske hus, så elaver og lærar må kle seg etter været! Ynskjer ein å ete niste på museet må ein opplyse om dette i bestilling. Ynskjer ein å låne uteleiker (stylter, ringspel) må ein opplyse om det i bestilling. Vi har avgrensa tilgang i tunet og i dei antikvariske husa for besøkande med funksjonsnedsetting, men vi kan legge til rette i Østanstadstova og skulestova.

Competency goals

Inneholder læringsmål for:
  • 1. - 2. trinn: Samfunnsfag (SAF01-04)
  • 3. - 4. trinn: Samfunnsfag (SAF01-04)
  • 5. - 7. trinn: Samfunnsfag (SAF01-04)

Samfunnsfag (SAF01-04)

grades 1 - 2

  • utforske og presentere korleis menneska levde for éin til to menneskealdrar sidan
  • utforske og beskrive kulturminne og kultur- og naturlandskapet i nærmiljøet
  • utforske og gi døme på korleis menneska påverkar klimaet og miljøet, og dokumentere korleis påverknadene kjem til syne i nærmiljøet

grades 3 - 4

  • beskrive kultur- og naturlandskap i Noreg og samtale om korleis historiske og geografiske kjelder, inkludert kart, kan gi informasjon om landskap
  • utforske kulturminne og korleis menneska levde i den tida kulturminna er frå, og samanlikne med korleis vi lever i dag

grades 5 - 7

  • utforske korleis menneske i fortida livnærte seg, og samtale om korleis sentrale endringar i livsgrunnlag og teknologi har påverka og påverkar demografi, levekår og busetjingsmønster
  • reflektere over korleis møte mellom menneske har bidrege til å endre korleis menneske har tenkt og ulike samfunn har vore organiserte

Show competency goals

Rom for undring og dialog. Gjenstandar vi ser, og refleksjonar kring korleis vi bur og lever i dag.
Rom for undring og dialog. Gjenstandar vi ser, og refleksjonar kring korleis vi bur og lever i dag. Photographer: Henning A. Hellebust

Pedagogisk gjennomføring

Elevane møter museumspedagogen som skal vere saman med gruppa. Vi går i samla flokk ned i tunet. Her får elevane sjå og høyre om klyngetunet og gardslivet. Vi besøker Østenstadstova, ei røykstove frå 1500-talet, men som er innreidd slik ho såg ut på 1800-talet. Her får elevane sjå og høyre mier om korleis det kunne vere å bu i ei slik stove. Kva ser vi, og korleis bur vi i dag? Etter runden i tunet, skal elevane få gjere ulike oppgåver som ville vere vanlege på denne tida: - Bære vatn med vassele (lærerstyrt) - kverne korn med handkvern (lærerstyrt) - karde ull med karder (museumspedagog styrer aktiviteten)

Klassen må delast i tre grupper (lærar gjer dette før besøket), og vi rullerer mellom stasjonar slik at alle får prøve aktivitetane.

Ønskjer ein å kombinere dette opplegget med "Skulen i gamle dagar" må ein hugse å legge til ca. 45 min ekstra tid.

I tunet kan vi også legge til rette for leik. På fine dagar er det flott å nyte lunsjen ute. (Det er ikkje tillate med grill eller open eld i friluftsmuseet.)
I tunet kan vi også legge til rette for leik. På fine dagar er det flott å nyte lunsjen ute. (Det er ikkje tillate med grill eller open eld i friluftsmuseet.) Photographer: Henning A. Hellebust
Vi har geiter på museet frå mai - september. Det er lov å gje dei mat som lauv og gras.

Order form

More school experiences

School
Card Image

Feyer & Fayancemysteriet

Dalane Folkemuseum

Samfunnsfag Kunst og håndverk grades 3 - 4
School
Card Image

Sau i Dalane

Dalane Folkemuseum

Kunst og håndverk Samfunnsfag grades 5 - 7
School
Card Image

Museumsbuss: Berekraftig reiseliv

Norsk Reiselivsmuseum

Samfunnsfag Norsk Samfunnskunnskap grades 8 - 10 VG1 VG2 + 1 more grades

Share to