6 results in DigitaltMuseum:

Intervju med Erik Bjørnsen. Krigsminne. Opptak frå Bjoa 1985.

Erik Bjørnsen frå Utbjoa deler minne frå krigsåra 1940-1945 Han fortel om motstandsgruppa "Bjoagjengen". Om grunnleggaren av gruppa, skulestyrar Bernhard Håvardsholm, som gjekk ned med skøyta "Blia". Blia forliste i november 1941. MK «Blia» var ein brønnbåt og var ein av båtene som blei brukt av Shetlandsgjengen til å transportere flyktningar og kurerar mellom Noreg og Shetland under andre verdskrig. Den første turen til Shetland under krigen med fartøyet blei utført 15. mars 1941 frå Glesvær. På ein ny tur forliste «Blia» på eit tidspunkt i perioden 11.-14. november i 1941 under eit kraftig uver då den skulle frakte ei gruppe flyktningar og kurerar til Shetland. 42 mennesker miste livet i ulykka. Dette var det største enkelttapet av menneskeliv i Shetlandsgjengens verksemd under heile andre verdskrig. Sju av dei omkomne var tilknytta Shetlandsgjengen, blant dei var Bernhard Haavardsholm, medan resten var norske sivile. Han fortel også om våpensendingar frå England og korleis våpna blei frakta til Bjoa. Og om lærarstriden i 1942. Lærarstriden var en kamp mot nazifisering i skulen under andre verdskrig. Den brøyt ut for fullt våren 1942, etter at det lenge hadde ulma. Mange lærerar blei internert og sende til tvangsarbeid. Striden er kjend internasjonalt som eit vellykka eksempel på ikkjevaldeleg motstandskamp. Den 14. februar 1942 sendte ein hemmelig aksjonskomité ut ein parole til alle lærerar, der dei blei bedne om å signere ei erklæring og sende den til lærarsambandet. Erklæringa lydde: "Jeg finner ikke å kunne medvirke til en oppdragelse av Norges ungdom etter de linjer som er satt opp for NS’ ungdomstjeneste, da dette strider mot min samvittighet. Da et medlemskap i Norges lærersamband etter landslederens uttalelser bl.a. pålegger meg forpliktelse til en slik oppdragelse, og det dessuten stiller andre krav som strider mot mine tilsettingsvilkår, finner jeg å burde meddele at jeg ikke kan betrakte meg som medlem av lærersambandet." Det var 14 000 lærarar i landet, og eit stort fleirtal fulgte parolen. Departementet trua først med avskjed, og dei byrja å sperre lønnsutbetalingar. Dette fekk ingen effekt. Skulen blei så gitt ferie i ein månad, offisielt fordi ein måtte spare brensel. Den 20. mars var det klart at milde metodar ikkje fekk slutt på aksjonen, og 1100 mannlege lærarar blei arresterte. Omkring 500 av dei blei i april sende med kystbåten «Skjerstad» til Kirkenes. Vidare fortel Bjørnsen om motstandskampen i Bjoa og omegn under krigen. Om våpensmugling og hemmeleghald. Bjoagjengen måtte flukta frå tyskarane, men Bjørnsen vart til slutt teken og vart utsett for brutal behandling frå Gestapo. Han sat i fangenskap i Møllergata i Oslo mot slutten av andre verdskrigen. I løpet av intervjuet blir fleire andre motstandsfolk nemnde: Lars Eikehaugen, Ragnvald Bjørke, Johannes Sandvik, Sverre Årseth, Nils Rishammar, Isak Romsa, m.fl. Merk: deler av opptaket er redigert før publisering av hensyn til personvern og kvalitet på lydopptaket. Dette er forsøkt gjort saumlaust, og heilskapen og kontinuiteten til innhaldet er bevart. Uredigert utgåve av opptaket er lagra i arkivet.

1 audio

View timeline 6 results

6 results in Haugalandmuseet:

Share to