1,333 results in DigitaltMuseum:

Haakonsvern orlogsstasjon

Haakonsvern orlogsstasjon

Haakonsvern i Bergen er hovudbase for Sjøforsvaret. 3500 offiserar, sivile og vernepliktige har arbeidsplass ved det som ofte blir kalla eit samfunn i miniatyr, med brannstasjon, sjukestove, postkontor, kyrkje, lege- og tannlegekontor, kjøkken, brakker og verkstadar. I samband med tre større byggeprosjekt ved basen har Ståle Sørensen (NO) produsert skulpturinstallasjonen Krigens krav. Verket er plassert utanfor eit nytt, stort fleirfunksjonsbygg. Krigens krav består av tjue høge, raude skulpturar forma som piler som står med spissen ned i og rundt ei sirkulær sementform av betong. Denne «blinken» fungerer også som sitjeplass. Ein lyskastar er montert slik at pilene kastar skugge på veggen bak om kvelden. Ser ein berre skuggane, liknar dei like mykje på blomar i knopp som på piler. Slik illustrerer kunstverket Sjøforsvaret si verksemd samtidig som det opnar for andre perspektiv og gir høve til avkopling. Tittelen Krigens krav viser til dei ekstraordinære eigenskapane krig og forsvar krev, og er også namnet på ei av øvingane sjørekruttane må igjennom. Bogeskyting har lange tradisjonar i Forsvaret. I meir overført tyding illustrerer skulpturen kva soldatane blir øvde opp i. Det handlar om å halde kontrollen og yte maksimalt – å sikte, treffe og unngå å bli treft sjølv. Ståle Sørensen er utdanna ved Chelsea College of Arts og Kunsthøgskolen i Bergen. Han jobbar med skulptur og installasjon i forskjellige materiale og har gjennomført fleire offentlege kunstprosjekt, mellom anna ved Valle Hovin stadion i Oslo, Brattørkaia i Trondheim og ei rekkje skolar.

Vertøy og material til produksjon av langeleik

Vertøy og material til produksjon av langeleik

I denne digitale utstillinga kan du sjå nokre materialar og reiskap frå ein verkstad på Røsshaugen i Øystre Slidre. Røsshaugen blir rekna som eit episenter for langeleiken sin nye gullalder, etter 1850. Den trolig fyrste langeleikmakaren på Røsshaugen i denne perioda er Øystein Øysteinson Rudi (1839-1923). Det er sagt at han bygde over 300 leikar. Talet 300 er truverdig. Nye leikar han har laga kommer stadig til kjenne, i ulike kantar av landet og nokre i Amerika. Datering og løpenummer er funnen i ein leik opna ved instrumentverkstaden ved Valdres Folkemuseum. I leiken stod årstall og løpenummer; «1891» og «nr. 200». Mengda i produksjonen gjev eit perspektiv på kva handelag instrumentmakaren må ha hatt. Store delar av produksjonen er gjort med handverktøy. Ingen veit om han gjorde alt aleine. Ingen veit kvar han henta inspirasjonen frå, men ein veit at jamaldring og sambygding Knut Nilsen Dale òg laga langeleikar (Knut Nilsen Dale var gift med dotter på grannegarden, Guri Hallsteinsdotter Rudi). Øystein brukte berre den «moderne skalaen» og syner tydeleg haldning i høve tonalitet. Modellen er vidareføring av det som endå tidlegare vart laga rett over åsen i Hørisbygd`n, men er mindre. Farsslekta kom frå Høre, Helle, på slutten av 1700-talet. Øystein Øysteinson Rudi og kona fek to soner og fem døtre. Det er ikkje kjent om den fyrste sonen Øystein Ø. (1872-1971), som overtok Røsshaugen, laga instrument. Det er kjent at han på 1800-talet var over åsen til Fystro i Vestre Slidre og lærde dekorskjæring hjå Eivind Prøven. På langeleikane som faren Øystein Ø. (1839-1923) laga, kunne flatskurden på hovud, sider og endestykke vera skore av sonen Øystein Ø. (1872-1971). Den andre sonen er den kjende felebyggjar-meisteren Knut Ø. Rudi (1878-1972) som òg bygde langeleikar. Knut etablerte seg i nærleiken av Røsshaugen «sye Moè» - på Heggenes. Hans langeleikmodellar og produksjon skilde seg frå faren sin. Han var fri til å eksperimentere med form og tekniske løysingar. Knut stifta i 1901 firamet «K.Ø. Rudi og Son». Dette firmaet fekk til dels «masseprodusert» deler til langeleik som andre sette saman, og leikane vart selde under firmanamnet. Langeleikproduksjon var (attåt oterproduksjon) eit produkt dei kunne «masseprodusere» og flyte litt på økonomisk. Knut Ø. (1913-1991) overtok Røsshaugen. Han var sonen til Øystein Ø. (1872-1971), og sonesonen til Øystein Øysteinson Rudi (1839-1923). Han var også brorson til felebyggjar-meisteret Knut Ø. Rudi (1878-1972). Knut på Røsshaugen var gardbrukar og treskjærar. Han vart ein underleverandør til sin farbrors firma «K.Ø. Rudi og Son». Knut laga både laga deler som han sjølv sette saman, og som han leverte til andre.

Share to