Historikk
-
Lindehuset var ein nitrogenfabrikk, kalla opp etter oppfinnaren, tyske Carl von Linde (1842 - 1934), professor i termodynamikk ved den tekniske høgskulen i München. Eit av dei viktigaste produkta til smelteverket den fyrste tida var kalsium-cyanamid som blei nytta som gjødsel. Dette blei kalla «Trollmjøl» og «Odda-perler». For å produsera kalsiumcyanamid trong ein ei mengd nitrogen. Det er kring 80 % nitrogen og 20 % oksygen i luft. Kort sagt går prosessen ut på å komprimere lufta for deretter å late den ekspandere. Det gjev ei avkjøling. Du kan samanlikna det med ein kjøleskåp-motor. Prosessen vert repetert og ein kan oppnå svært låge temperaturar. Ved minus 192°C vert lufta flytande. Deretter vart den flytande lufta destillert, og oksygenet fjerna. Då sat ein att med nitrogen. Lufta vart teke inn ved Bakka, og den gjekk i ein kulvert gjennom Odda og opp i Lindehuset.
Problema som oppstod under ølbrygging ved eit bryggeri i München i 1876 var den direkte årsaka til at Carl von Linde fann opp mekanisk nedkjøling. Tradisjonell ølbrygging fann berre stad i dei kalde månadane fordi den kjemiske prosessen for å laga øl treng kulde. Ølbrygging genererer varme, men gjærkulturen kan bli drept og ølet øydelagt ved for høg varme. I hundrevis av år brukte ølbryggarane derfor is i blokker som dei plasserte i kjellarar for å halda ølet kaldt. Linde si oppfinning var ein revolusjon for bryggeria, og saman med Joule-Thomson-effekten kunne det også nyttast i industrien.
Eierskap
Fotografering: 1949
Klassifikasjon
Lisensinformasjon
Mer informasjon
- Inventarnr. I-00054
- Inngår i samling Kraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Eier av samling Hordaland
- Institusjon Kraftmuseet
- Publiseringsdato 18. mars 2014
- Oppdatert 29. september 2023
- Dimukode 011012851312
- UUID d9c67557-9695-40ac-9009-66cbe6e81ecf
- Nøkkelord
4 kommentarer
Anne Gravdal, 2. februar 2016
Siri Jordal, 17. mars 2016
Einar Ohm, 20. august 2016
Siri Jordal, 24. august 2016
Kommenter eller foreslå endringer
For å publisere en offentlig kommentar på objektet velger du «Skriv en kommentar». For å sende en henvendelse direkte til museet velger du «Send en henvendelse».