History
-
Hammerhytta fekk namnet sitt av gullsmed Hammer i Bergen, som kom til Odda for å driva gullsmedbutikk her i turisttida. Fotograf Bjarne Eidnes overtok huset og dreiv kombinert foto- og turisthandel saman med kona Birgit frå 1923. Huset blei oreigna av Odda kommune i 1955, og firma Eidnes flytte til nye lokale i Røldalsvegen.
Kreditbanken hadde sine lokale i huset rett over gata for Ohmshuset - mot nord og vest, og det var også plass til telegrafstasjon og telefonsentral i bygget. Dei øvre etasjane var bygd om til leilegheiter. Kreditbanken gjekk i likvidasjon i 1931, og bygget vart kjøpt av Christian Gulbrandsen og gjort om til fleire leilegheiter og butikklokale. Her kom Rita sitt bakeri, som skulle gje huset namnet Ritabygget. I 1978 vart bygget rive, og det såkalla Espelandshuset bygd.
Ole Teresius Ohman Ohm (1864-1942) kom til Odda i 1896. I 1905 kjøpte han eigedomen "Rømbelsgarden" etter gullsmed Hellstrøm. Her dreiv han turistforretning og sal av antikvitetar. Huset var opphavleg berre på ei høgd og utan kjellar. Ohm bygde på to høgder til før 1. verdskrigen, og grov ut kjellar.
I Grindheimshuset var det gullsmedforretning i første etasje, leilegheiter oppe.
Hotel Hardanger vart bygd opp att i 1896, etter å ha vorte øydelagt av brann året før. i 1917 kjøpte Odda kommune hotellet og gjorde det om til rådhus.
Eierskap
Fotografering: 1898 - 1902 (antatt ut frå høgde på alléen)
Classification
-
- Bygninger (Outline)OU 340
Placement
License information
Metadata
- IdentifierI-00662
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedMarch 18, 2014
- Date updatedSeptember 29, 2023
- DIMU-CODE011012852926
- UUID8079f8fa-eaf6-44e1-9dd3-3e19cf536c4e
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».