Postkort som viser Odda og karbidfabrikken kring 1911-1913.
Motiver viser bygningsmiljøet langs bøgarden og vegen Bøgarden i framkant. Odda Bedehus, kvitt hus med fire vindauger på langsida, er godt synleg i hvenstre kant. Taket på småhus t ...
Motiver viser bygningsmiljøet langs bøgarden og vegen Bøgarden i framkant. Odda Bedehus, kvitt hus med fire vindauger på langsida, er godt synleg i hvenstre kant. Taket på småhus tilhøyrande epidemilasarettet framfor bedehuset. Huset til familien Eriksen som budde Folgefonngata 11 omkring 1910 er kome opp, - det er dels skjult bak huset med to skorsteinar midt på motivet i framkant. I høgre kant ser vi utleigehus under utviding / bygging, truleg eigedomen Fredheim g.nr (30) 60 Opheim, bruksnr 14). Samanliknar vi med foto tatt seinare, ser vi at huset frå utbygginga langs Bøgarden fekk valma tak.
Langs hovudvegen over Bygdarbøen er det ikkje planta tre / poplar. Vi legg òg merke til at våningshuset til Torgils Isaksson Opheim / seinare Isak i Bygda, ikkje er kome, og at det er ein stor frukthage på bøen (Bygdarbøen) sør for gardstunet til bruk nr 4. Sportskafeen er bygt, men ikkje Murboligen og Folkets Hus. Villa Solheim bak dr Kvam sitt hus er synleg. Det var bygt i 1912. Truleg er biletet tatt i 1913.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».