• Biletet viser Trøym sentrum i Hemsedal med det gamle meieriet, Forbruker'n, Sanden og den gamle saga.
Biletet er frå 1946
"Ikkje minst på Trøym har tida ført med seg total endring i bygdebiletet. I dag er det neppe mange som vil kjenne seg att på biletet frå "Fra  Kirkebygden ved Hemsdal Meieri".
Bygget med den høge pipa er meieriet. Eit andelslag kjøpte tomt på Trøym, og i 1930 vart meieriet teke i bruk. Det var eit dristig tiltak, men det skulle syne seg å bli eit godt tiltak for bygda. I 1957 vart det bygd eit nytt meierianlegg, og det gamle vart selt til kommunen.. Ei tid vart det nytta av Hemsedal Elektrisitetsforsyning, og i den vestre fløya fekk Hemsedal Bakeri og Konditori plass.
Men i 1968 brann gamlebygget. Huset vart totalskadd. Banken kjøpte tomta, og i 1974 kunne eit nytt bank- og forretningsbygg takast i bruk.
Til høgre for meieriet er bygget til Hemsedal Forbrukerforening. Her var også Hemsedal Kjøttforretning. I 1952 bygde Kjøttforretninga eige hus på sørsida av riksvegen. Forretningsbygget kom der saga, bygd i 1920-åra, står på biletet.
Hemsedal Handelslag vart skipa i 1913, med butikk på Tuv. I 1930 vart det skipa ei underavdeling i Midtbygden, kalla Hemsedal Forbrukerforenning. Førti år seinare, i 1970, vart alle samvirkelaga i Hemsedal slått saman. I 1977 vart det nytt forretningsbygg på Trøym, på tomta til forbrukarforeininga." (H.dølen 4.2.1982)
    Photo: Normann / Hemsedal Bygdearkiv

Trøym sentrum 1946

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to