Steinnesvåg. Bygdesenteret på Finnøy. RFF1991-042-006 - RFF1991-042-009. Panoramabilete som her er delt i fire.
Nesa som går ut i sjøen til venstre, i det første biletet, er Vign ...
Steinnesvåg. Bygdesenteret på Finnøy. RFF1991-042-006 - RFF1991-042-009. Panoramabilete som her er delt i fire.
Nesa som går ut i sjøen til venstre, i det første biletet, er Vigneset bakerst og Steinnesneset.
Til venstre (bilete nr. 1) ser me notakrakk og sjøhus til Morten Steinnes sitt notalag. Skøyta til venstre tilhører Oskar Lande, skøyta i midten tilhøyrer Johan Vestbø og Kaspar Mjølsnes og skøyta til høgre tilhøyrer Ole O. Vignes og T. O. Ladstein. Det næraste huset, med to høge piper, er hermetikkfabrikken, Finnøy Sardinkompani. Bak fabrikken er Steinnesvåg Handelslag som blir påbygd. Bakerst ligg sjøhuset til Tobias Lande.
Vidare, på dei neste bileta, ser me husa til Anna Hvitting (lærarinne og postopneri), Ingvald Løyning frå Sauda, med tilhøyrande lite kvitt uthus og naust, Gustav Storehavn, bedehuset Emmaus, Hesby skule (bygd 1882) og skomakar Konrad Landa.
Bak skulehuset (bilete nr. 3) ser me Hesby kyrkje. Deretter ser me løa til Rasmus Spanne, huset til Bernt Austbø og to hus og løa til Andreas Hesby. Framfor er det hus og uthus til Rasmus Hesby. Me ser og løe og hus til Eivind Steinnes, løe og hus til Olav Lunde, løe og hus til Olaus K. Hesby, hønsehus, løe og hus til Eivind Hesby. Vidare, øvst, er løe og hus til Tobias Lunden. Mest skjult er prestehuset, forpaktarhus og løa i prestegarden.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».