• Photo: Tore Sund. (Opphavsrett)

Steinestø – eit knutepunkt i samferdsla

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Øhl tapperie

Sal av øl var truleg det som gav mest inntekter. Det heiter såleis om gjestgjevaren i 1761 at han bruger en liden Næring ved Øhl tapperie. Anders Olsson fekk i 1764 kongeleg bevilling som gjestgjevar i Steinestø. Dette er det første offentlege løyvet vi kjenner vedrørande verksemda her. I første halvdel av 1700-talet budde futane i Nordhordland tidvis på Ytre Hordvik, og tingmøta både for Arna skipreide og nokre av naboskipreida føregjekk då truleg på gjestgjevarstaden i Steinestø. I 1803 kjøpte gjestgjevar Johannes Torsson Steinestø av ein kjøpmann i Bergen. Johannes vart dermed den første gjestgjevaren som sjølv eigde Steinestø. Her var framleis gjestgjevari ved midten av 1800-talet, men i lensmannen sin rapport om lokale tilhøve for åra 1856-1865 er det ikkje nemnt. Det ser såleis ut som drifta blei avvikla eller trappa ned på denne tida. Den såkalla tingstova var i bruk også seinare på 1800-talet, til dømes i samband med kommunestyremøte for Hamre og konfirmantførebuing. Bygningen står framleis, men her skal ha vorte gjort store endringar innvendig.

Ny hovudveg og rutebåtstopp

Mot slutten av 1800-talet fekk Steinestø nye rollar innan samferdsla. Riksvegen mellom Bergen og Steinestø vart bygd i åra 1868-1875. Her kunne det kjørast med hest og kjerre. Då rutebåtane byrja å trafikkera fjordane i Nordhordland, vart Steinestø ein av stoppestadene. I den første tida føregjekk utdeling av post på kaien, men i 1899 kom det brevhus i Dalen på Ytre Hordvik.

Ferjetrafikk

I 1920-åra byrja ein å diskutera ferjeruter mellom Bergenshalvøya og Nordhordland. Planane vart endeleg realiserte i 1936 gjennom skipinga av selskapet A/S Ferjetrafikk. Den 7. juli 1936 starta motorkuttaren ”Rubby”, som kunne ta 3-4 bilar på tvers over framdekket, rute mellom Steinestø og Isdalstø. Trafikken auka raskt og berre etter noke veker måtte ein leige inn motorbåten ”Kvikk IV” frå Svein Wilhelmsen i Norheimsund. Wilhelmsen etablerte seg i Steinestø, og han og sønene hans stod for ferjedrifta her gjennom fleire tiår. Dei starta også butikk og kafé på kaien.

Steinestø - Knarvik

I krigsåra bygde tyskarane diverse anlegg i Steinestø, mellom anna kanonstillingar, bunkerar, løpegraver, skytestillingar, soldatforlegning og vaktstove, og dei rekvirerte fleire hus i området. Då Knarvik fekk ferjekai i 1956, slutta ferja å gå til Isdalstø. Frå 1960-åra var det ein voldsom auke i trafikken, noko som gjorde Steinestø-Knarvik til den mest trafikkerte ferjestrekninga i landet. Den 22. september 1994 var det bråstopp for Steinestø si rolle som kommunikasjonsknutepunkt. Då opna Nordhordlandsbrua, og ferjekaien blei med eitt ein fredeleg stad. 

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to