• Photo: Hallstein Dvergsdal (Opphavsrett)
  • Photo: Hallstein Dvergsdal (Opphavsrett)
  • Photo: Kartverket (Opphavsrett)

Skryklingen, stemnestad og drifteveg.

Dette dalføret har frå gammalt av vore ein mykje brukt ferdsleveg mellom Jølster og bygdene sør for fjellrekkja langs sørsida av Jølstravatnet. Grunnen er sjølvsagt den at terrenget stort sett er lett, og at ein ikkje kjem høgare enn om lag 900 moh på det meste. Dette er ein fjellovergang som passar for dei fleste aldersgrupper og der terrenget gjer det mogeleg å drive dyr fram og tilbake.

Gammal drifteveg
I tillegg til å binde saman grendene sør og nord for fjella, var det nok som drifteveg at Skryklingen hadde størst nytte som «gjennomfartsveg» Lenge før vegar var bygde langs Jølstravatnet og vidare sørover og austover, var Skryklingen den kortaste, lettaste og mest brukte vegen mellom Sunnfjord/Nordfjord og Sogn når dei store fedriftene skulle drivast gjennom fylket og mot austlandet eller Bergen og oppkjøparane der.
Fehandlarane som reiste rundt i Nordfjord og Jølster for å kjøpe opp dyr, samla dei i store flokkar og kom med dei til Skei og vidare til Kjøsnes der dei vart frakta over sundet med båt. Frå Dvergsdalen gjekk turen opp i Dvergsdalsdalen og vidare utover langs elva til Myklebust, der driftene svinga opp i Skryklingen og gjekk over til Gjerland på Haukedalen. På vegen opp mot Skryklingstøylen brukte fedriftene ofte å overnatte ved ein stor stein, Flatesteinen.
Brita Kongsvik (f.1928) fortel at driftekarane gjorde opp bål der og laga mat. Til å gjete dyra om natta, leigde dei inn småkarar frå Myklebust, og Brita fortel at bestefar hennar var med på slik gjeting. For jobben fekk han ein gong 50 øre, men femtiøringen mista han på vegen heim att.
Etter turen gjennom Skryklingen vart det tur over fjella til Vetlefjorden eller Sværefjorden der dyra vart frakta med båt innover til Lærdal, og så vidare over fjellet til Valdres og Hallingdal. Det vart også frakta dyr til Aurland og Vik for vidare driving mot austlandet eller Bergen.

Vanskeleg langs vatnet
Skryklingen er, som sagt, ei lett rute gjennom fjellet. Først den relativt flate dalen innover frå støylen på austsida av elva mot eit tørt, flatt område kalla Vellene. Derifrå er det relativt slakk stigning opp mot høgaste punktet på turen, høgda før ein går ned mot Skryklingvatnet 860 moh. Her går ruta på austsida av vatnet, gjennom ei ur, og her finn ein det vanskelegaste punktet på ruta. Ura er storsteinete og det er viktig å «treffe» rett, elles kan det bli vanskeleg. Men dei som ferdast gjennom Skryklingen i eldre tider var nok kjende, i tillegg til at stien nok var meir tilrettelagt enn den er i dag. Men fedriftene kom så tidleg på året at isen på vatnet var farande, og såleis fekk dei ei lett reise forbi den vankelege ura.
Etter ura og vatnet er det lett, fint terreng nedover til Gjerland og Haukedalsvatnet.

Ferdsel mellom bygdelag
Det var ikkje berre dei store fedriftene som kryssa Skryklingen. Også folket i grendene på begge sider av dalføret hadde i tidlegare tider mykje samkvem, og både jølstringar og haukedølingar fann seg ektemakar på andre sida av fjella. Det vart også handla dyr mellom bygdelaga i Jølster og Førde, og både hestar, kyr og griser vart leidde eller jaga gjennom Skryklingen mellom Myklebust og Gjerland.
Brita Kongsvik (f.1928) fortel at naboen Tollef Myklebust ein gong gjekk gjennom Skryklingen med ein vaksen gris, ein råne han hadde kjøpt på Haukedalen. Men vegen gjennom ura var ikkje lett:
– Eg måtte på vatnet, fortalde Tollef. Brita fortel også om handel med smågriser, der grisungane vart borne opp til vatnet der haukedølingane henta dei. Det hende også rett som det var at folk gjekk frå Myklebust og til Gjerland for å vere med på gudsteneste i Haukedalskyrkja, sikkert eit godt høve for ungdomane til å treffe jamaldringar og på den måten komme i kontakt med potensielle ektemakeemne. Og same kva ærend jølstringar eller haukedølingar hadde på andre sida av fjellet, så var Skryklingen den kortaste og lettaste vegen.


Segn eller fakta?
På vegen gjennom Skryklingen er det to plassar der det, ifølgje tradisjonen knyter seg triste hendingar til. Brita Kongsvik hugsar at besteforeldra hennar fortalde om triste hendingar og dødsfall både ved Magnhildhaugen på Jølstrasida, nede i dalen og ved Ivar-varden på Haukedalssida av vatnet.
Ved varden skal ein gut, ifølgje tradisjonen, ha blitt gravlagd. Guten døydde i fjellet og kvifor foreldra gravla han der, like nedanfor vatnet, og ikkje tok han med ned til kyrkja på Haukedalen, seier soga ingen ting om. Ved Magnhildhaugen skal ei jente ha døydd, Brita kan ikkje seie noko meir om kva som skjedde med henne eller guten, som truleg heitte Ivar, anna enn at bestefaren fortalde om desse hendingane.

Mykje trafikk under krigen
Under andre verdskrig var Brita Kongsvik stølsjente på Skryklingsstøylen. Ho fortel at det i desse åra var mykje trafikk gjennom dalen, også av folk som hadde rømt frå tysk arbeidsteneste. Brita fortel at dei fekk streng beskjed av dei vaksne om ikkje å snakke med desse framande. Men dei som kom rekande på denne måten, trengde ofte overnatting, og då var det sjølvsagt lurt å ta inn på ein avsides plass som støylen.
Ein gong det kom framande for å be om husly, samla stølsjentene seg i det eine selet og overlèt eitt av dei andre til dei framande.
– Det var litt ekkelt med alle desse framande, fortel Brita som elles hadde nokre somrar som slåttehjelp hos ei tante på Haukedalen.
 



Mikkjelsmessepreike

Ein slik fast tradisjon var at folk frå Myklebust drog over til Haukedalen for å vere med på gudstenesta i Haukedalskyrkja Mikkjelsmessedagen, 29. september. Og same kva vekedag det var, så var det alltid preike på Haukedalen Mikkjelsmessedagen.
Brita Kongsvik hugsar godt desse kyrkjeturane. – Den dagen var det om å gjere å take ut tidleg, fortel ho og ho hugsar også at dei overnatta hos kjende på Haukedalen. Brita hugsar også at haukedølingane var spesielt flinke til å syngje.
– Dei hadde ikkje orgel i kyrkja, så då laut dei stå føre musikken sjølve, fortel ho. Ho fortel også at haukedølingane kom traskande over fjellet for å vere med på gudsteneste i Helgheimskyrkja. Då hadde dei også båtturen over vatnet i tillegg til turen gjennom Skryklingen. På desse kyrkjeturane hende det at haukedølingane kjøpte eple av nordfjordingar som var møtte opp for å drive handel på kyrkjebakken.

Stemnestad
At Skryklingen også ein periode fungerte som stemnestad, er kanskje mindre kjent, men slik var det. I mange år frå rundt 1900 til ut i 40-åra var det årleg stemne ved Skryklingvatnet, på Nevreneset, ein odde som stikk ut i Skryklingvatnet på Jølstrasida, og nedanfor vatnet på Haukedalssida. Stemnestaden veksla annakvart år. Ein søndag i august møttest jølstringar og haukedølingar til felles hygge og nytte der på neset. Det var taler og mykje song, og sjølvsagt matpause. På vegen mot stemnestaden måtte jølstringane passere høgste punktet i Skryklingen, høgda over vatnet, med god utsikt både nordover og sørover dalføret. På desse stemna vart det handla og bytta ting, og nye band vart knytte mellom folk på begge sider av fjella. På veg heim att stoppa dei alltid på støylen for ein kvil, før dei tok til på siste etappen ned mot tuna.
Brita Kongsvik kan også hugse desse stemna som ho, ilag med foreldre og besteforeldre, var med på mange gonger frå ut på trettitalet og til stemnetradisjonen tok slutt.


Ungdomslaga sto bak
I tida rundt unionsoppløysinga i 1905, gjekk det ei bylgje av optimisme, framtidshåp og tiltakslyst over landet. Mykje av det vi i dag kjenner av lags- og organisasjonsliv, såg dagens lys rundt 1900, og ungdomslag, skyttarlag, songkor og fråhaldslosjar dukka opp over alt.
Både på Myklebust, i Sandalen og på Haukedalen vart det skipa ungdomslag, og det var desse som tok initiativet til å arrangere stemne i Skryklingen. Stemnedagen var alltid ein søndag i august og Brita Kongsvik fortel at det alltid var mykje folk på desse tilskipingane. Dei kom frå Dvergsdalen i aust til Sandalen i vest på sørsida av Jølstravatnet, og sjølvsagt frå Haukedalen.


Både hygge og nytte
Desse årvisse stemnetilskipingane hadde mange misjonar. For det første var det den sosiale biten, dette at folk på begge sider av fjellet kom saman i sosialt og hyggeleg lag. Dei fekk frette nytt om slekt og kjende på begge sider av dalføret, og det vart nok også handla og bytt ting. Sidan begge bygdelaga til alle tider har nytta Skryklingen som beiteområde for husdyr, så var nok også denne dagen eit høve til å sjå til dyra, når dei likevel var på fjelltur.
Og som vi har vore inne på tidlegare, så var dette eit godt høve for ungdommane til å bli kjende og også til å vidareutvikle eit kjennskap som kanskje så smått hadde starta på ein kyrkjetur tidlegare på året, og som, dersom alt klaffa, kunne bli søt musikk og barneskrik av. Det må vel vere rett å seie at desse fjellstemna på mange måtar var med på å skaffe nytt blod til slekter på begge sider av fjellet og på begge sider av kommunegrensa.



 

Share to