• Photo: WIKIPEDIA, Sean Hayford O'Leary (Opphavsrett)

Landformer langs Rallarvegen

Les meir om dei ulike landformene langs Rallarvegen.

Rallarvegen følgjer Ustedalen frå Haugastøl forbi Finse, passerer vasskiljet vest for Fagernut, og fortset ned langs Moldådalen før han stuper ned Flåmsdalen heilt til fjorden ved Flåm. Desse dalane er danna på ulik måte og er resultat av at landet vart heva opp til eit jamt fjellplatå (Hardangervidda) i tertiærtida, lenge før istidene sette inn. Elver grov ut slake dalar både austover mot kysten sør for Oslo og vestover mot «Sognedalen», som gjekk der fjorden ligg i dag. «Sogneelva» rann ut i Nordsjøen heilt ute ved kysten. Vest for Fagernut, der vasskiljet ligg 1320 meter over havet, er vi på Vidda, der verken elver eller isbrear har endra terrenget i stor grad. Dei dramatiske endringane i landformer fann stad først under istidene. Dei delane av breen som strøymde austover grov ned ein grunn U-dal i viddenivået med enkelte små trau nedetter mot Haugastøl. Desse er no fylt med innsjøar (m.a. Tågavatni, Fagervatnet, Sandåvatnet, Finsevatnet, Tungevatnet og Nygardsvatnet).

På vestsida gjorde utgravinga av Sognefjorden at havet kom heilt inn til Flåm, og elvane vart mykje brattare og meir effektive i gravinga. Når så istidene sette inn, og det vart danna brear i fjellet for eit par millionar år sidan, auka gravinga. Frå Låghellertjørni og vestover ligg traua på rekkje og rad i form av innsjøar: Låghellervatnet, Høghellervatnet, Nedre Grøndalsvatnet, Klevavatnet, Seltuftvatnet og Reinungavatnet. Dette trappeforma dalføret er typisk for ein dal grave ut av isbrear. Elver likar best å grava tronge gjel, særleg der dei renn gjennom fyllitt. Gode døme på dette er Klevagjelet mellom Klevavatnet og Seltuftvatnet, Berekvamsgjelet midt i Flåmsdalen og Flåmsgjelet rett før ein kjem ned til kyrkja i Flåm. Gjela i Flåmsdalen er danna der Flåmselvi har grave seg gjennom tersklar (trappetrinn) i dalen. Langs slike gjel finst det ofte store jettegryter slik som i Berekvamsgjelet og i Flåmsgjelet. Jettegrytene vart danna av breelvar som rann under isbreen og førte med seg mykje sand, grus og stein som vart nytta som gravereiskap i den mjuke fyllitten.

Breane i hovuddalen strøymde snøggare og grov djupare enn i sidedalane. Difor vart sidedalane hengjande etter og dei munnar no ut oppe i dalsida. Det beste dømet på dette er Myrdal, som heng oppe i dalsida til Flåmsdalen, nett der dei bratte Myrdalssvingane byrjar.
 

Share to