• Photo: Arild Landa (Opphavsrett)

Jerv

Ein av de fire store: ein underkjent renovatør.
Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Jerven er eit av våre staselegaste rovdyr, men han har diverre fått svært dårleg behandling av myndigheitene, både sentralt og lokalt. Jerven er den største av mårdyra våre, men han er mindre enn mange trur; han rekk ikkje meir enn til knea på ein vaksen mann. Jerv er svært sjeldan å sjå i Rallarvegområdet, men til gjengjeld er han svært karakteristisk. Han har mørk, litt raggete pels, litt høg bue på ryggen og buskete hale. Langs sidene er det oftast eit lysare felt. Føtene er påfallande store, slik at dei lagar uforholdsmessig store sporavtrykk. Sporet er noko rombeforma, då tredje og fjerde tåa rekk lenger fram enn den første og femte. Så sjå i fonnene etter spor – det er oftare ein ser dei enn sjølve dyret!

Jerv lev stort sett av åtsel, men kan unntaksvis ta både rein, rev og hare, truleg når desse ikkje er heilt i toppform, det vil seie eldre eller sjuke individ. Såleis fungerer dei som den lokale renovasjon i naturen (på same måte som ramn, som kan reinsa sjølv store kadaver på eit par døgn).

Jerven er ikkje særleg sosial, så viss ein ser små grupper er det nok mor med ungar. Paringstida er i løpet av forsommaren, og begge kjønn opptrer svært aggressivt når dette står på; det heile kan nesten minna om grove valdtekter. Nedkomst er neste vår; då har hoa funne eit passande område. Hia legg dei gjerne i store snøfonner over grov ur, og her ordnar dei med fleire utgangar for den komande familien. Ungane er, som hos bjørnen, ganske små ved fødselen, berre om lag 100 gram, men dei legg normalt raskt på seg. Dei held seg saman med mora ut året.

Jerven kan vandra over store område, særleg hannar er svært uthaldande når dei er på næringssøk over dei store viddene.

Created with Sketch. Add a comment or suggest edits

Share to