Ridder Smørs
Jon Svaleson Smørs, som Smørsbroen fikk namnet sitt etter, levde frå omkring 1420 til 1483. Han var både slottsherre på Bergenhus, riddar, riksråd og høvedsmann. Han hadde ansvaret for å krevje inn alle inntektene til kongen i sitt «fehirdsle». Det vil seie heile Vest-Noreg frå Lindesnes til Nordmøre, samt Nord-Noreg frå og med Namdalen, og Grønland, Island, Færøyane, Shetland og Orknøyane. Ei stund – før vi fekk ny konge etter at Kong Kristian 1. døde – blei Smørs valt til Riskforstandar. Og ikkje lenge før han døydde blei han drottsete, noko ala visekonge.
Smørsbroen
Smørsbroen blei ei 17 meter lang 1-løps kvelvbru i betong med heil overmur. Den er heile 16 meter brei, og har, i tillegg til to køyrefelt og fortau på begge sider, parkeringsplassar langs sørvestsida. Medan sjølve køyrebanen er steinsett med brustein, er fortaua høvesvis steinhellelagt og påført asfaltdekke. Ei linje i brusteinen syner kvar trikkeskinnene ein gong gjekk. Inni kvelven under brua, er det mura opp 14 «tomme» kvelvbruer som kulissar.
Smørsbroen ligg i eit typisk bymiljø med mykje trafikk og mange bygningar. Området er kjent for sin spesielle arkitektur, og også brua er ganske særprega. For å symbolisere at brufrontane vender mot to forskjellige miljø – det gamle før brannen og det nye etter –blei brua nemleg bygd i to stilarter!
Nygotikk
På nordaustsida blei brua laga i nygotisk stil. Den blei også påført 3 relieff teikna av Bernhard Greve (1886-1962) og hogde av Mandur Eriksen. Det største, midt på kvelven, syner nymfa Amaltheia som held eit overflodshorn der frukt og herlegdomar flaumar ut. Det var Amaltheia som i gresk mytologi budde på Kreta og pleia guden Zevs som barn. Etter legenda blei han oppfostra på geitemjølk, og hornet med all frukta på Smørsbroen er nettopp eit geitehorn. På dei to sidene finst to mindre relieff, som syner kvar sin naken guteengel. Den i vest held eit sverd og ei vektskål i hendene, den i aust eit timeglas.
Funksjonalisme
Sørvestsida av brua er derimot laga fullstendig i funksjonalisme, med rette kantar og glatte flater. I 1990-91 vart brua rehabilitert og abstrakte, brennlakkerte jernfigurar frå kunstnaren Arne Rygvold kom til. Den eine er ei form for «horisontalt liggande strekkunst», medan den andre nærast liknar to halvdelar av eit kjempeegg.