«Pluggen» redda livet til far

Med verkjande armar og blåmerke, men med livet i behold takka vere ein hest som kunne hjelpa til. På meir enn ein måte.

Far var i fjellet for å hente et moselass. Det var noko han hjadde gjort mange gonger, og visste vel korleis han skulle gjera ting på rett måte.
Måsålasset vart måka fram, og sterke beine bjørkestenger, «måsastaur», var skuvd under for å få løfta opp lasset slik at sleden kunne dragas på plass under. «Kluftene», kortere bjørkekubbar med kluft på toppen låg klare. Dei skulle setjast under og støtte opp måsåstuarane når lasset var bikka opp. Alt var rutine. Hesten var fråspent og hadde fått litt høy og sleden stod slik at den kunne dragast under moselasset. Berre ei lita tuve måtte jamnas ut så sleden stod beint når lasset var slept ned att. Under med den eine armen for å jamne. Da glei kluftene unna og lasset datt! Som i ei skrustikke vart armen klemd fast mellom stiltela moselass og hardtelebakke. Aleine, langt frå folk og berre hesten i nærleiken. Han lokka hesten bortåt seg, strekte den ledige handa opop og fekk eit godt tak i taumane som var kveila opp på bogtreet. Så jakahan på hesten, som dermed drog han fram frå knipa. Lasset fekk vera att. Det var nok å få spent fr hesten, legge seg på sleden og få hesten på vegen heimatt. Med verkjande armar og blåmerke, men med livet i behold takka vere ein hest som kunne hjelpa til. På meir enn ein måte.
 

Dela till