History
-
Byggjinga av vegen oppover Oldedalen gjekk i etappar frå midten av 1800-talet og bortimot 100 år. Dei øvste bygdene i Oldedalen fekk såleis ikkje vegsamband med bygda ved sjøen før i 1955.
Utbyggjinga var prega av at vatna i dalen lenge var den viktigaste ferdsleåra både for fastbuande og turistar og av skredfaren, særleg langs det øvste vatnet. Oldevatnet er forma som tre ”vatn” med smale sund imellom – på Eide og Sunde.
Den første vegstrekninga frå Sjøatunet ved elvemunningen og opp til Eide var ferdig i 1860. Den aukande turismen gjorde at ein deretter bygde veg i gjennom dei øvste bygdene frå Rustøen ved Oldevatnet til Briksdalen og bréen. Denne vegen vart bygd i åra 1886-1891. Dermed kunne ein frakte turistane i hestekarjol frå fjorden og opp til Eide. Der kunne turistane stige om bord i dampbåten ”Alda” eller andre av dei små turistbåtane og verte skyssa oppover Oldevatnet til Rustøen, og så derifrå til bréen i Briksdalen med hesteskyss.
Vegbygginga langs Oldevatnet frå inste Oldedalen til fjordbygda kom ikkje i gang før eit godt stykke inn på 1900-talet: Frå Rustøen og nedover til Yri var vegen ferdig i 1935. Kjellingbakken-Flåten var ferdig i 1940. Vegen mellom Sunde bru og Eide bru vart opna i 1950, og først i 1955 var det samanhengande veg langs heile Oldevatnet då strekninga frå Yri via Gytri til Flåten vart opna.
Men mange stader var Oldedalsvegen svært utsett for snøskred. I 1963 vart det difor bygd ein betongtunnel under eit fonnløp i Sandvika, i 1975 under Fossvega og i 1988 ein tunnel i Svoragrova. I Sandvika vart det bygt røyrtunnel i 1989.
(Kjelde: Nettstaden "Allkunne", artikkelen "Vegen i Oldedalen" av Ottar Starheim, NRK Sogn og Fjordane.)
Fotografering: March 5, 1981
- FotografUkjent fotograf
Classification
-
- Veier og broer (Outline)OU 491
References
-
- LitteraturreferanseArtikkelen "Vegen i Oldedalen" av Ottar Starheim
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierNVM 14-F-01305
- Part of collectionNorsk Vegmuseum
- Owner of collectionNorsk Vegmuseum
- InstitutionNorsk vegmuseum
- Date publishedNovember 18, 2021
- Date updatedNovember 18, 2021
- DIMU-CODE0210111422249
- UUID666c35ff-ad8a-4847-abfa-ea3658e64d07
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».