• Ole Nordhaug vart utnemnt til den første biskopen i Møre, då bispedømet vart oppretta i 1983. Nordhaug vart vigsla til biskop i Møre i Molde domkyrkje 18. september 1983 av dåverande preses Andreas Aarflot og under nærvær av Kong Olav. Ole Nordhaug gjorde teneste som biskop i Møre fram til 17. november 1991. Odd Bondevik etterfølgde Ole Nordhaug som biskop i Møre.

Ole Nordhaug var fødd og oppvaksen i Molde, med unntak av 4-8-årsalderen, då han var i Kina, der foreldra var misjonærar, utsende av Kinamisjonsforbundet.

Nordhaug vart i 1951 uteksaminert som cand. theol. frå Det teologiske menighetsfakultet. Etter dette var han misjonssekretær i Norges Kristelige Ungdomsforbund. Gjennom åra gjorde han presteteneste i Vestre Fredrikstad, Nittedal og Onsøy, før han vart domprost i Fredrikstad (1977 – 1983). Undervegs var han sekretær i Den norske kyrkja si presteforening, sekretær for Oslo bispedømeråd, medlem av Borg bispedømeråd og Kyrkjerådet.

Ole Nordhaug var gift med salmediktaren Liv Nordhaug, fram til ho døydde i 2002. Dei siste leveåra var han gift med Karen Grethe Bjerkeset. Han er far til Halvor Nordhaug, biskop i Bjørgvin bispedøme.


Som den første biskopen i Møre vart det hans utfordring å gå inn i eit heilt nytt embete, etablere ein bispedømeadministrasjon, skape nettverk med prestar og andre kyrkjeleg tilsette og medverke til å byggje ein felles kyrkjeleg identitet i det nye bispedømet.  

I eit intervju med avisa Vårt Land i 1983 fortalte den nye biskopen at han ville vektleggje dristighet i arbeidsmetodar, omsorg for kyrkjeleg tilsette og å byggje fellesskap mellom dei forskjellige arbeidslaga i Den norske kyrkja. Dette skulle kome til å prege tenesta hans som biskop i Møre.

    Norsk teolog og biskop, født i 1925 i Bolsøy i Romsdal.
    Ble i 1983 den første biskopen i det nyopprettede Møre bispedømme.
    Han jobbet også som misjonssekretær i Norges Kristelige Ungdomsforbund, senere KFUK-KFUM fra 1952 til 1959 og sekretær i Presteforeningen fra 1965 til 1969.
    Var prest i Vestre Fredrikstad, Nittedal og Onsøy og domprost i Fredrikstad.
Bildet er fra avisa Tidens Krav sitt arkiv i tidsrommet 1970-1994.
    Photo: Nordmørsmusea

Ole Nordhaug vart utnemnt til den første biskopen i Møre, då bispedømet vart oppretta i 1983. Nordhaug vart vigsla til biskop i Møre i Molde domkyrkje 18. september 1983 av dåveran...

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to