History
-
- Funkisbygget i Bygdarbøen 13-17 i Mjøstølen vart teikna av arkitektane Thv. og Henning Astrup og bygd av ing. Vogt Kielland i 1938. Oppdraget kom frå Det Norske Zinkkompani, som trong familiehusvere til arbeidsfolka sine. Blokka vert kalla "Sing-sing"(Zing-Zing) på folkemunne. Ikkje alle likte det, då det også var namnet til eit berykta fengsel i USA. Det var formennene med familie som budde her. Nokre leilegheiter var på tre rom og kjøken, andre på to rom. Alle hadde eige bad med sittebadekar. Leigeprisen var på 40/60 kr. per månad, då var straum og vaskerom i kjellaren med i prisen. Huset hadde også ei bossjakt frå etasjane og ned i kjellaren. Framfor bygget var det fin hage med stor plen, og ei tid hadde huset vaktmeister. Vaktmeisteren budde i ei av leilegheitene, og hadde innlagt telefon. Dei andre bebuarane kunne låna denne ved behov.
Placement
License information
Metadata
- Identifier i-06783
- Part of collection Kraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collection Hordaland
- Institution Kraftmuseet
- Date published May 4, 2016
- Date updated December 6, 2023
- DIMU-CODE 021016404780
- UUID 4920c6f1-af64-4d0f-8aac-cb75ee5410e9
- Tags
1 comment
Leiv Svennes, January 29, 2018
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».