3-seter med rett sarg og stolar. Modellnr.: 485.
Formgiver: Jon Brunstad/ Arne Velle.
Designår: 1948.
Foto og produksjonsår: 1948.
Produsert av Hjalmar Brunstad Fabrikker AS.
H ...
3-seter med rett sarg og stolar. Modellnr.: 485.
Formgiver: Jon Brunstad/ Arne Velle.
Designår: 1948.
Foto og produksjonsår: 1948.
Produsert av Hjalmar Brunstad Fabrikker AS.
Hjalmar Brunstad frå Sykkylven viste tidleg forretningssans og så snart han var tenåring, selde han saueklaver og vispar i lokalmiljøet. Han arbeidde ei tid i trevarefabrikken til Johan og Martin Riksheim og var ein av dei første aksjonærane då Karl Emdal starta møbelfabrikk i Straumgjerde i 1934.
I 1937 kjøpte han lastebil og i 1941 investerte han i bandsag og eit par elektriske motorar. Saman med verbrørne Fridtjof Drabløs og Jon Hjortdal skipa han Hj. Brunstad Trevarefabrikk i 1941. Etter krigen gjekk dei to kompanjongane ut og Hjalmar Brunstad heldt fram ålene.
I 1946 flytta bedrifta inn i nye lokale i Straumgjerde. I 1968 vart hovudbedrifta flytta til Vik og fekk namnet Hj. Brunstad Fabrikker. I 1985 gav satsinga på design og husdesignarane Arild Alnes og Helge Tharaldsen resultat med den prislønna møbelserien Aveny.
Hjalmar Brunstad døydde i 1974 og sonen Helge Brunstad tok over same året.
(Kjelde: Eldar Høydal: Industrisoge For Sykkylven 1990)
Veneforeininga for Norsk Møbelfaglig Senter tok initiativ til å sikre fotoarkivet etter fotograf P.P.Lyshol, som hadde sitt virke i Sykkylven frå 1930-åra. Den vart kjøpt opp av Veneforeininga og gitt til Norsk Møbelfaglig Senter som no er juridisk eigar.