Personale hjå Olav O. Aga, eller Odda handelstandsforening.
Olav O. Aga bygde nye butikklokale i Odda i 1906. Ragna Solberg dreiv fotoatelier i Odda om somrane frå 1900 til 1918. Biletet er teke av Ragna Solberg, Odda står det på omramminga ...
Olav O. Aga bygde nye butikklokale i Odda i 1906. Ragna Solberg dreiv fotoatelier i Odda om somrane frå 1900 til 1918. Biletet er teke av Ragna Solberg, Odda står det på omramminga av biletet. Bakteppet med landskapsmotiv er stifta opp på ein mørk panelvegg. På sidene er eit tregjerde og ei treramme plassert som effektar. På golvet ligg ein skinnfell. Dei lange kjolane og hårfasongane fortel at det ikkje er lenge etter år 1900. Kjolane var høghalsa med med lange erme, ofte såkalla skinkeerme. Skjørta var side, sydd av fleire stykke og med god vidde nede.
HistoryStyrte først handelslaget på Børve. Eigar og drivar av firmaet Olav O. Aga i Odda frå 1896 til 1947. Styremedlem/ordførar i bygningskommunestyret for Odda i mange år. Kommunestyrerep. i Odda 1920-22. (Kjelde: Kolltveit: Odda og Tyssedal Handelstandsforenig 40 år. 1952.)
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».