Bilete av sceneteppet i Ungdomshallen i Odda. Ragnar Grønsdal "Odda rundt århundreskiftet". Rekonstruksjon av Rudolf Nikolai Krog sitt teppe frå 1920.
Det originale sceneteppet blei kjøpt inn i samband med bygginga av Ungdomshallen som stod ferdig i januar 1908. Kunstnaren Rudolf Nikolai Krog frå Fredrikstad fekk oppdraget med å ...
Det originale sceneteppet blei kjøpt inn i samband med bygginga av Ungdomshallen som stod ferdig i januar 1908. Kunstnaren Rudolf Nikolai Krog frå Fredrikstad fekk oppdraget med å måla sceneteppet. Grønsdal måla ein kopi av det gamle sceneteppet i ungdomshallen allereie i 1946. Dette var til god hjelp då han starta gjenskapinga av det 3x4 meter store lerretet i 1983. Grønsdal var kunstmålar frå Odda, som også hadde vore kulissemålar ved Det Norske Teater. Oppdraget med å rekonstruera det utslitte sceneteppet blei gjeve Grønsdal av Odda Ungdomslag. Restaureringa var eit møysommeleg arbeid, lerretet var spesialtinga i Belgia, og måtte henga i strekk med lodd ei heil veke før Grønsdal kunne byrja måle på det. Då motivet skulle bli ført over til det 12 kvadratmeter store lerretet, blei det delt opp i ruter med hjelp av snorer med pulver på før han kunne teikna motivet inn. Til sjølve målinga bruka han tre veker, og blei ferdig med restaurereringa sommaren 1983, i god tid før arbeidet med påbygget til Ungdomshallen stod ferdig før jul i 1983.
Kjelde: Hardanger Folkeblad, Nasjonalbiblioteket. Odda Ungdomslag.
SubjectBilete av sceneteppet i Ungdomshallen i Odda. Ragnar Grønsdal "Odda rundt århundreskiftet". Rekonstruksjon av Rudolf Nikolai Krog sitt teppe frå 1920.
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».