• Portrettfoto av Olav Midttun (1883-1972). Midttun var filolog, dosent i landsmål, og professor i nynorsk dikting og målbruk ved Universitetet i Oslo. Han var riksprogramsjef i NRK mellom 1934 og 1947. Midttun vart rekna som ein stor kjennar av Aasmund O. Vinje, og skreiv mange artiklar. Frå 1908 til 1960 var han redaktør av tidsskriftet "Syn og Segn". Midttun var mellom anna engasjert i Studentmållaget, Noregs Ungdomslag, Det Norske Samlaget, og Det Norske Teatret. Fotografen er ukjend.

Dette er eit digitalt eksemplar av eit foto frå biletarkivet etter "Norsk Allkunnebok". Fonna Forlag gav ut det nynorske leksikonet "Norsk Allkunnebok" mellom 1948 og 1966. Biletarkivet vart utlånt frå Nasjonalbiblioteket til Nynorsk kultursentrum, og kan kopierast og nyttast av sistnemnde etter avtale frå 2004.

Kjelde:
https://www.allkunne.no/framside/biografiar/m/olav-midttun/96/733/ (Lesedato: 14.04.2020)
    Photo: Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Olav Midttun

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to