Nynorsk kultursentrum dokumenterer, formidlar, forvaltar og forskar på nynorsk skriftkultur. Du finn oss ved Haugesenteret i Hardanger, Aasentunet på Sunnmøre og Vinjesenteret i Telemark. Vi har også turnear og vandreutstillingar i heile landet.

Aktuelt

Om Nynorsk kultursentrum

Stiftinga Nynorsk kultursentrum er ein kulturinstitusjon som gjennom kulturformidling og kunnskapsutvikling arbeider for ein kulturell fellesskap i Noreg der det språklege mangfaldet er sjølvsagt.

Nynorsk kultursentrum er ei språkpolitisk kraft som arbeider for at nynorsk er sjølvsagt når som helst og kor som helst. Kvart år aukar samlingane og dokumentasjonen vår av nynorsk språk og litteratur. Saman med andre forskingsinstitusjonar forskar vi på litteratur, språk og kulturformidling.

Stiftinga har arrangement i meir enn 75 kommunar i året med utstillingar på bibliotek, museum, kulturhus og kyrkjer, arrangement og turnear i Den kulturelle skulesekken. Digital kultur- og kunnskapsformidling er viktig for oss. Vi driv det einaste redigerte nynorske leksikonet Allkunne og barnenettstaden Tunkatten.no.

Vi driv tre faste kulturarenaer: Aasentunet i Ørsta, Haugesenteret i Ulvik og Vinjesenteret i Vinje, og arrangerer Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda, Ulvik poesifestival og Litteraturdagane i Vinje.

Ivar Aasen-tunet samarbeider med Musea i Møre og Romsdal

Nye objekter

Nynorsk kultursentrum is a part of

Share to