• Fotografi av Olav H. Hauge saman med Else og Olav Hatlebrekke frå Larsnes. I Hauge si dagbok står det den 13. august 1976: "So tok me då ferja til Hareid. Der stod Else Hatlebrekke og Olav Hatlebrekke, med bil og venta på oss. So bar det til Larsnes på Gurskøya, der dei bur. Else gjekk i lag med Bodil på kunst- og handverkskolen i Oslo i ungdomen, difor vilde Bodil gjesta henne, ho er gift med Olav Hatlebrekke på Larsnes, han driv med lastebilar." (1) Dagboka tidfestar vitjinga til mellom 8. og 9. august 1976. Fotografen er truleg Bodil Cappelen. Biletet vart skanna hos Bodil Cappelen i 2012, og er i Olav H. Hauge-senterets eige. Skanning og innhenting av informasjon vart utført av Eirik Bergesen Dalen.

Kjelde:
(1) Hauge, O.H. (2000) Olav H. Hauge Dagbok 1924-1994, fjerde bandet, side 320
    Photo: Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Olav H. Hauge og ekteparet Hatlebrekke

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to