Depicted
History
-
Odda Arbeiderforening blei stifta 6. november 1906. Etter eit initiativ frå smed Ole Olsen Øen, kom Arbeidsmannsforbundets sekretær for Nordnorge, Karlgren, til Odda den 6. november 1906. Han holdt eit foredrag på Aga Hotel om organisasjonstanken. Den lokale foreininga blei stifta same dag, med 35 innmeldte medlemmer. Første formann var A. Lian, oppsynsmann hos Høyer-Ellefsen i Tyssedal. Det første forsamlingslokale var i ei brakke vest for fanehjelmsomnane på Oddafabrikkane. Allereie i 1907 tok Olsen Øen opp spørsmålet om å få bygd eit Folkets Hus, og ein komite blei satt ned for å finne eigna tomt. I 1914 blei Folkets Hus bygd på Bakke.
Den 3. februar 1924 var det ei omorganisering der mange ulike fagforeiningar gjekk saman til Odda Arbeiderforening , avdeling 5 under Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund. Dei tre fanene som er hengt opp i lokalet på jubileumsfesten, representerer nokre av dei foreiningane som gjekk saman.
Kjelde: Hardanger Arbeiderblad 06.11.1926 på Nasjonalbiblioteket og heftet Odda Arbeiderforening : 75 års fagbevegelse.
License information
Metadata
- IdentifierI-08387
- Part of collectionKraftmuseet - Norsk vasskraft- og industristadmuseum
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionKraftmuseet
- Date publishedMarch 19, 2021
- Date updatedSeptember 29, 2023
- DIMU-CODE021019673815
- UUIDa1393d21-d474-49f2-a62c-3578c5c1089a
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».