• Forkle.
Delvis handsydd, delvis maskinsydd. Hovudstoffet er tynt, lett, ullstoff med jaquardvove mønster på lerretsbotn. Brun renning og svart innslag. Ei stoffhøgd med jare i båe sider.
2,3 cm høg linning av to stykker, svart bomullslasting som er skøytte i hop på midten med vrangsaum på maskin. Vrangsydd til vranga med maskin, bretta rundt og inn og sydd ned med maskinstikning på retta, delvis gjennom alle laga. Vidare to maskinstikningar som berre går gjennom to lag lasting.
Stoffet har drege seg og lagt seg i faldar på båe sider. I endene er lastingen bretta inn, og sydd fast med maskinstikning.
Faldelagt inn til 26,5 cm breidd med 7 faldar på kvar side, som er lagde utover frå eit ca. 5,8 cm breidt, glatt midtstykke.
10-11 cm høg skoning av blågrønt, lerretsvove, valka ullstoff, skøytt i hop av to stykker, sydde saman med kastesting. Eitt 5,8 cm breidt silkeband med skarpt rosa blomar og grøne blad på svart lerretsbotn med kantbord i skarpt rosa, montert tvers over forklebreidda. 
Vinkelrett over dette er det i kvar side montert eit 3,8 cm breidt band med blomar i skarpt rosa, grønt og svart på svart lerretsbotn, og med skarpt rosa kantbord.
Bandet er bretta inn i endene. Banda er sydde fast med maskinstikning med raud overtråd og svart undertråd. Skoningen er sydd fast til forklestoffet med ein maskinstikning (sydd frå retta) 
med grøn overtråd og svart undertråd.
2-2,5 cm brei kanting av svart silkefløyel, laga av fire stykke, som er skøytte i hop med vrangsaum på maskin. Fløyelen er lagt til rette mot vrange av forklestoffet, og sydd med maskinsaum. Bretta over og inn, og sydd ned med maskinstikning på retta. I tillegg er det sydd ein støttestikning med grøn  overtråd, og svart undertråd langs ytterkanten av fløyelskanten.
Kantinga nede som er lagt i vinkel, går 13 cm oppover sidekantane, målt frå nedre kanten.
Forkleet har nokre få flekkar og hol, men er i hovudsak i god stand.
    Photo: Nilsen, Ragni Engstrøm / Norsk institutt for bunad og folkedrakt

forkle

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Select the images you want to order

Share to