Norsk institutt for bunad og folkedrakt er eit nasjonalt kompetansesenter som arbeider for å fremje kunnskap om folkedrakt og bunad gjennom dokumentasjon, rådgjeving, forsking og formidling.

Instituttet er lokalisert på Valdres Folkemuseum på Fagernes, og den faste utstillinga vår om bunadshistoria er ein del av utstillingane til museet og tilgjengeleg når museet er ope.

Om Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt

Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF) vart oppretta i 1947.

NBF sitt mål er å fremje kunnskap om folkedrakt og bunad som kulturuttrykk, og bruk og tilverking av desse drakttypane. På grunnlag av feltarbeid har vi bygd opp eit omfattande arkiv av draktregistreringar. Størstedelen av det registrerte materialet er i privat eige.

Nye registreringar vil bli lagt ut på Digitalt museum etter kvart, samstundes som vi kontinuerleg arbeider med å digitalisere dei eldre registreringane.

Visit us

Share to