• Forkle.
Sydd delvis for hand, delvis på maskin. 
Hovudstoffet av tynt, men stødig sateng (lasting) med brun bomullsrenning og svart innslag, truleg av ull. ei stoffhøgd med jare i båe sider. Faldelagt inn til 24,5 cm breidd øvst ved linninga med 6 faldar på kvar side, lagde innover mot eit 1 cm breidt, glatt midtstykke.
1,3 cm høg linning av forklestoffet. Lagt rette mot rette, og sydd med maskin. Bretta rundt på vranga, bretta inn i både sidene og nedrekanten, og sydd med faldesting for hand med svart tråd. I kvar ende av linninga er det eit 0,6 cm breidt brunsvart knyteband av silkefløyel. 28 cm langt i høyre side, 38 cm i venstre.
I nedrekanten er forklestoffet bretta over på vranga til ein ca. 6,5 cm høg fald. Sårkanten er bretta inn, og falden er sydd fast med rettsaum på maskin med nokså lange sting.
Kant-i-kant med nedrekanten på forkleet er det eit 7,7 cm breidt silkeband med roser i vinraudt, raudt, rosa, gule, blå, raude og oransje småblomar med baldverk i ljos gulgrønt og ljosebrunt på ein langstripete botn med høvesvis ljosebrun renningsrips og mørkare, brun sateng.
Bandet er bretta inn i endane, og både her og i øvrekanten er det festa med små prikkesting, sydd med stor avstand for hand med svart tråd. I nedrekanten er bandet laust.
Forkleet har fleire mindre hol, og parti der insekt truleg har ete opp ullgarnet, medan bomullsrenninga står att. Nokre flekkar. Elles i god stand.
    Photo: Nilsen, Ragni Engstrøm / Norsk institutt for bunad og folkedrakt

forkle

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Select the images you want to order

Share to