History
-
Notabåten frå Hjellestad er bygd av båtbyggjaren Johnsholmen, Brattholmen, Os i 1906, og er ikkje endra sidan. Båten vart tinga av notalaget på Hjellestad. Laget var særs godt nøgd med den nye notabåten, som var rimeleg lettrodd og ein god siglar. Båten har truleg blitt finansiert ved midlar notalaget hadde felles, og ved at kvar partseigar gjekk inn med like store midlar. Ein del av inntektene frå fisket gjekk alltid til dei felles utgiftene for notalaget, medan resten vart delt mellom partshavarane.
Framdrifta var to par årer framme og eitt par bak. Båten hadde elles gaffelrigga storsegl, toppsegl, fokk og klyver. På heimafiske vart båten berre rodd. På sildafiske i Sunnhordland og Rogaland, ”sørafiske”, vart båten sigla til og frå fiskeplassane, men under sjølve fisket stod riggen i vegen, og blei difor teken ned. Notabåten vart siste gong brukt til fiske i 1932.
Produksjon: 1906
Bruk
- Brukssted, sikkerNorge Hordaland Bergen Hjellestad
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierHOM08403
- Alternative nameHOM06295 - Foreldet (Tidlegare brukt registreringsnummer)
- Part of collectionHordamuseet
- Owner of collectionHordaland
- InstitutionHordamuseet
- Date publishedJanuary 28, 2023
- Date updatedNovember 26, 2023
- DIMU-CODE0210213228656
- UUID709be11c-6add-48d6-8764-340f260b2e15
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».