History
-
Ekspedisjonsbåten frå Bjørnsund. (Rokta-båten)
Kristian Andersen f. 12.02.1887 på Midtgård, Søre Bjørnsund, gnr. 2/3, Fræna kommune, fekk bygd denne båten kring 1914. Båten vart brukt til fiske i fleire år. (Kjelde: Oddbjørn Pedersen). I 1920 flytta Kristian Andersen og kona Adolfine f. Halsteinsdtr. til Molde, og der døydde han 14.08.1964.
Omkring 1930 tok svogeren, kjøpmann Sivert Julshavn, f. 23.01.1883, over båten. Han kom til Søre Bjørnsund, gnr. 2/1 først på 1920-talet. Han brukte båten som ekspedisjonsbåt, dvs. når rutebåtane (som t.d. D/S Solskjel) kom med varer av ulike slag til kjøpmann Julshavn, rodde han eller ein betjent ut til rutebåten og tok mot varene i open sjø. Hamna på Søre Bjørnsund var for trong for store båtar. På tilsvarande måte leverte dei varer frå ekspedisjonsbåten. Reint praktisk vart dette gjort på følgjande måte: Frå baugen på rutebåten låg det eit slakt tau bakover skutesida. Dette fanga ekspeditøren opp og kunne så legge ekspedisjonsbåten ved rutebåten i høveleg posisjon til ei luke i skutesida. Gjennom denne luka kom dei rett inn til lasterommet. Reisande brukte også ekspedisjonsbåt der det ikkje var høveleg kai. (Eit typisk døme er Georg Sverdrups bilde frå Grip: KMb-1987-005.1463.jpg)
Under berginga av M/S Roktas mannskap i april 1938, vart denne båten slepa ut til havaristen ved Galleskjæra. 8 mann rodde siste stykket ut til havaristen. Dei to fiskarane Knut Løvås og Otto Tennø omkom, og det er dette som gjer at denne båten er så sterkt knytt til fraktebåten Rokta. (Sjå meir i den første veilederen for Fiskerimuseet ca. 1973)
Rett etter krigen sette Sivert Julshavn inn ein 2-sylindra Solo bensinmotor i båten. Julshavn var ein hendt kar. Han hadde snekkarverkstad på loftet i ei brygge, og han hadde hytte inni Malmefjorden. Med eigne hender bygde han lugar framme på ekspedisjonsbåten, og slik kunne han kvar laurdag etter stengetid på butikken starte opp båten og komfortabelt reise på hytta i Malmefjorden. Søndag kveld tok han turen attende til Bjørnsund.
Oddbjørn Pedersen overtok ekspedisjonsbåten i slutten av 1950-talet. Han sette inn ein 1-sylindra SABB diesel-motor (med mykje plunder).
Både motoren og lugaren vart fjerna før båten vart gitt til Fiskerimuseet i 1972.
Første eigar:
Kristian Andersen f. 12.02.1887 på Midtgård, Søre Bjørnsund, gnr. 2/3, Fræna kommune.
Tidlegare eigar:
Sivert Julshavn, kjøpmann på Søre Bjørnsund, f. 23.01.1883, d. 13.06.1962, Fræna kommune.
Givar: Oddbjørn Pedersen (f. 16.01.1938) frå gnr. 2/43, Fræna kommune. Han busette seg i Elnesvågen. Gåve til Fiskerimuseet i 1972.
Byggeår: ca. 1914
Båtbyggar: ukjent
23.02.2023 BA
Bruk
- BruksstedMøre og Romsdal Fræna Bjørnsundsikker
Aksesjon: 1967 - 1972
Oddbjørn Pedersen overtok ekspedisjonsbåten i slutten av 1950-talet.Produksjon: 1914 (Ca. Kilde: Oddbjørn Pedersen.)
Classification
References
-
- Foto-nummer1/34.5
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierR.FM.00991
- Part of collectionRomsdalmuseet
- Owner of collectionMøre og Romsdal
- InstitutionRomsdalsmuseet
- Date publishedMarch 28, 2023
- Date updatedMarch 28, 2023
- DIMU-CODE0210213333187
- UUIDf4d8c2cb-12f6-4302-a6a5-eace8955be26
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».