History
-
Trerøring Ytter-Årset
Den 01.10.1992 var Lyder Hesthol og Bjørn Austigard på befaring på Årset for å sjå på to trerøringar, den eine på Ytter-Årset, gnr. 126/1 og den andre på Nør-Årset gnr. 126/2. Det var skipper Kåre Sølsnes (f. 16.03.1918) som tipsa Romsdalsmuseet om båten på Ytter-Årset. Båtane vart henta av Terje Thingvold, Leif Rune Gussiås, Geir Myrbø, Terje Storås og Bjørn Austigard den 06.11.1992. Om båten på Nør-Årset, sjå R.13281. Båten frå Ytter-Årset fekk nummer R.17043 og vart plassert i Hammervolløa på Romsdalsmuseet og står der framleis i 2023. Båten er den største(?) trerøringen i Romsdalsmuseets samlingar, og han er i svært god stand.
Informantar:
Olav Aarset, Ytter-Årset, f.1935
Ivar Aarset, Nør-Årset, f.1942
Knut Reitan, Reitan, f.1908
Ole K. Malo f.1904, far til Magnar
Magnar Malo, Malo, f.1931
Arnold Solemdal: Bygdebok for Nesjestranda, Molde 1995
Båten vart truleg bygd for gardbrukar Olaf Halvorsen Aarset (1885-1938). Han var ein aktiv gardbrukar og skogbrukar og hadde fleire offentlege verv. Olaf var skogsarbeidar i Amerika 1881-1887.
Då dampskipsruta kom i gang på Langfjorden i 1872, vart dampskipsekspedisjonen for strekninga mellom Malo og Håskora (Horsgård) lagt til Ytter-Årset. Den første tida var det truleg brukt ekspedisjonsbåt der slik som andre stader, dvs. at rutebåten stoppa på fjorden ut for Årset, og så rodde ekspeditøren ut med ein trerøring eller annan høveleg båt for å levere varer og folk eller ta mot varer og reisande. Dette var vanleg på alle stoppestadane på Langfjorden, og på Holm var det slik heilt til kaia kom i 1922. Kanskje vart trerøringen bygd med tanke på ekspedering? Utviklinga gjekk fort, og på Årset kom det kai for rutebåten alt før 1905. Det viser utskiftingskartet for Årset frå 1905. (Sjå meir om dette i Romsdalsmuseets årbok 2022, s. 92-93.) Situasjonen for gardbrukaren på Ytter-Årset vart dermed den at dei ikkje hadde bruk for trerøringen til varefrakt slik som dei andre som måtte bruke for båt for å få varene til dampskipskaia. Mykje tyder på at båten på Ytter-Årset har stått i naustet og har vore lite brukt, kanskje mest brukt som kyrkjebåt fram til at det kom kyrkje på Sølsnes i 1907. Båten er fullt utstyrt med segl, mast m.m.
Kven var båtbyggaren?
Det er ingen som veit kven som bygde båten, men bord nr. 2 under ripa på styrbord side er skore med sirkelsag, og dette er med på å datere båten til ein viss grad. Første sirkelsaga i området vart bygd – etter det ein veit frå munnleg tradisjon – på nabogarden, Hengneset, gnr. 125/1 i 1888. Årstalet stod skrive inni saga, fortalde Ole. K. Malo i eit intervju i 1980. Den mest aktuelle båtbyggaren i området på denne tida var Ola Madsen Malo, f. 08.02.1841, (Solemdal s. 859). Han var son til Mads Madsen Malo og Beret Bottolvsdtr. og var gardbrukar og båtbyggar på Malo 124/1 til han døydde 1897. Han hadde skog og han skar tømmer. I folketeljinga for 1865 er Ole Madsen Malo kalla «Båtsbygger». Halvbroren, Bottolv Olsen Malo (f. 11.05.1838) bygde også mange båtar, men han flytta til Monsås på Tiltereidet i 1876 er neppe aktuell i dette tilfellet. (Sjå meir om Bottolf i R.13281)
Etter at Årset-båtane var henta i 1992, kontakta eg Knut Reitan (1908-2002) om han visste kven som hadde bygd båtane. Han sa at det kunne vere han «Sigerset-Ola». Han hadde med Malo-slekt å gjere, men han presiserte at han visste ikkje. Han la til at båe båtane har ‘nordmørspreg’, men han trudde helst at dei var laga lokalt. Om «Sigerset-Ola» er same mannen som Ola Madsen Malo, visste han ikkje.
Eg trur helst at det er Ola Madsen Malo (f. 1841-1897) som har bygd båten ein gong kring 1890. Dette høver godt med det Olav Aarset sa då vi henta båten: Rundt 100 år gammal.
Båten kan sjølvsagt vere bygd av andre, t.d. Peder Sivertsen Grønnes (1815-1908) eller Knut Andersen Åsen (f.1861) i Eidsvågen, men eg synest det er unaturleg at dei bestilte båtar så langt borte så lenge det fanst habile båtbyggjarar i bygda.
Andre trerøringar på Nordstranda, dvs. frå Malo til Håskor.
Magnar Malo fortel at på båe Malogardane (gnr. 124/1 og 2) var det trerøringar då han voks opp. Det dei først og fremst vart brukt til, var å frakte korn til Herje mølle, men då det vart gjort med andre motordrivne farkostar, vart båtane ståande, og kring 1960 då dei vart selde til Tomrefjorden til folk som dreiv med taresanking.
Gardbrukar, ordførar og seinare lensmann Ola Halvorsen Holm (1852-1909) var ein eldre bror av Olaf Halvorsen Aarset, og også han hadde ein trerøring frå denne tida. Båten er i Romsdalsmuseets eige og har registreringsnummer R.
På eit møte på Gribbestad grendahus 5. mars 2023 vart spørsmålet om gamle trerøringar på Nordstranda «lufta», og eldre folk mintest at det var trerøringar også på Reitan, gnr. 127/1 og Gribbestad, gnr. 128/1.
Konklusjon: Trerøringane var vanlege i dette området.
Aksesjon: 1992 - 1992
Produksjon: 1888 - 1897 (Antatt ut ifra opplysninger gitt av informanter.)
- ProdusentMalo, Ola Madsenusikker
- Production placeNorge Møre og Romsdal Molde Nesjestranda Maloantatt
Bruk
- BruksstedNorge Møre og Romsdal Molde Nesjestranda Ytter-Årset gnr/bnr 126/1sikker
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierR.17043
- Part of collectionRomsdalmuseet
- Owner of collectionMøre og Romsdal
- InstitutionRomsdalsmuseet
- Date publishedMarch 29, 2023
- Date updatedAugust 4, 2024
- DIMU-CODE0210213335393
- UUIDbc7d9e26-7509-4a16-b9d2-bccdcfa01096
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».