History
-
Kajakk bygd av Gunnar Gjendem (25.03.1921, d. 29.02.2004) i Molde, i krigsåra 1942-45
Bakgrunn:
I 1940 gjekk Gunnar siste året på Molde høgre skule og skulle ta Examen Artium våren 1941. På grunn av skriveri på pulten m.m. vart han og fleire gymnasiastar i klassen arrestert, og dei måtte slutte på skulen. (Om dette sjå Anna Hegbom: «Gestapo-aksjonen på Molde Gymnas 1940». Romsdal sogelag, årsskrift 1979 s. 143-). Etter dette galdt det å komme seg i arbeid slik at okkupanten ikkje beordra han til noko han ikkje ønska. Han fekk då læretid i firmaet A. Lønseth AS. Eigarane og drivarane Sivert og Ole Lønseth var brørne til mor hans. Gunnar hadde enten ei instruksjonsbok eller eit byggesett å sjå etter.
Det var mangel på spikar under krigen, og hos A. Lønseth AS lærte Gunnar seg til å bli tømrar – utan å bruke spikar! Kajakken er eit godt døme på dette. Skroget er berre lima saman, og så det heile kledd med seglduk som så er smurd med mange lag linolje.
Gunnar Gjendem tok arkitektutdanning på NTH, og arbeidde heile livet som arkitekt hor svogeren Knut P. Bugge.
Kajakken var jamt brukt frå til slutten av 1950-åra.
24.02.2023 BA
Produksjon: 1942 - 1945
- ProdusentGjendem, Gunnar Arntsikker
- Adresse,Molde Adj. Dørumsgt. 16
- ProfessionArkitekt
- GenderMann
- NationalityNorsk
- Other informationG.m. Liv Hessen Gjendem. Datter: Ellen Marie Gjendem, som forandret fornavnet sitt til Elma. Han var utdannet arkitekt MNAL.
- DigitaltMuseumSearch in «Gjendem, Gunnar Arnt»
- Production placeMøre og Romsdal Moldesikker
Aksesjon: 2000 - 2004
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierR.17175
- Part of collectionRomsdalmuseet
- Owner of collectionMøre og Romsdal
- InstitutionRomsdalsmuseet
- Date publishedMarch 30, 2023
- Date updatedAugust 4, 2024
- DIMU-CODE0210213337097
- UUID72cf32e0-071b-4cce-8728-2d5b71118b66
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».