History
-
Dølen
* 1858/1860
* 1862/1866
* 1868/1870Vort Land
* 1867, nr. 1-26Dølen var vekeavisa Aasmund Olavsson Vinje skreiv og gav ut i perioden 1858–1870. Dølen var den første nynorske avisa.
Det første nummeret av Dølen kom 10. oktober 1858. Avisa kom ut med ujamne mellomrom, etter som Vinje hadde tid og råd. På dei tolv åra avisa eksisterte, kom det i alt åtte årgangar. Dølen hadde over 600 abonnentar, dei fleste i byane, og dekte og kommenterte alt frå praktiske samfunnsspørsmål og aktuelle hendingar til nasjonal og europeisk politikk. I tillegg inneheldt avisa ei mengd dikt, forteljingar, parodiar, bokmeldingar og essay om filosofiske og kulturelle emne.
Med Dølen tok Vinje for første gong i bruk landsmål som journalistspråk. Vinje skreiv om dei ulike samfunns- og livsområda på ein samandregen måte, og eit av trekka som kjenneteiknar Dølen, er den personlege vinkelen emna blir skildra frå. Vinje skydde einsretta spesialisering, og stoffet som fekk plass i Dølen, blei handsama på ein tverrfagleg og allmenngjord måte. Han skreiv motstraums, med eit vake og kritisk blikk på stivna tenkjemåtar og vedtekne sanningar. Dølen utgjer eit vektig kapittel i norsk essaytradisjon.
Det siste nummeret av Dølen kom 24. juli 1870, seks dagar før Vinje døydde.Vort Land
Werner Werenskiold var fødd i Drammen. Han vart student i 1849 og tok juridisk embetseksamen i 1855. I åra 1854–1856 var han sakførarfullmektig, og sidan arbeidde han i hovudsak i statsforvaltninga, der han var innom fleire departement.
Werenskiold var ein av mennene bak bladet Vort Land, som kom ut i 1867. Aasmund Olavsson Vinjes Dølen var ein periode ein del av dette bladet. Sidan var Werenskiold med på å gi ut landsmålsbladet Andvake i 1871. I 1868 var han òg med på å stifte Det Norske Samlaget, og han møtte gjerne på møta der.Informasjon henta frå Store Norske Leksikon
Produksjon: 1858 - 1870
Dølen: Prentad hjaa Bergh & Elleffsen, H. E. Larsen Vort Land: H. E. Larsen- Place of creationNorge Oslo Oslo (Christiania)sikker
Classification
References
-
- LitteraturreferanserAvisene er nr. 2419-2426 i Lista yver Ivar Aasen-boksamlingi, av Kaare Haukaas (1946)
- LitteraturreferanseArtikkel i Store Norske Leksikon Vort Land
- LitteraturreferanseArtikkel i Store Norske Leksikon Dølen
License information
- License Attrbution-ShareAlike (CC BY-SA)
Metadata
- IdentifierIAAM-2896
- Part of collectionIvar Aasen-tunet
- Owner of collectionNynorsk kultursentrum
- InstitutionNynorsk kultursentrum
- Date publishedDecember 5, 2023
- Date updatedMarch 1, 2024
- DIMU-CODE0210214072710
- UUID9bb19ea4-7cb8-44f5-b3c0-04e5ad92aca5
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».