• Dokument som inneholder tolkning av teksten på skinnbrevet. "Upphavsbrevet prenta i D.N.XIV." Håkon Åskjelsson og Botolv Eindridsson, svorne lagrettesmenn i Rygja fylke, sender Guds og si helsing åt alle dei som fær sjå og høyra dette brev og kunngjer at med di Gudleik Bardsson ofte bad oss og kravde at me for Guds og retten skuld måtte gjera vel og bera fram sant og rett vitnemål om dei byte som gjeng millom den eigedom som heiter Ufigstveit og ligg i Smidsvik sokn i Leiranger skipreide og ein annan gard som heiter Steinsbru og ligg i same sokn i Skåre skipreide, da er oss det vitterlig og vel  kjent etter det som forfederne våre hev sagt oss fyre at den å, som renn or det vatn som ligg nest aust for nemde Steinbru og i sjøen, deler millom fornemde eigedomer Ufigstveit og Steinbru millom vatnet og sjøen og aldri hev me høyrt noko anna av gode truverdige gamle folk enn at denne å deler, som før skrive, millom Ufigstveit og Steinbru. Til sant vitemål set me våre insegl under dette brev som vart opset i Bjørgvin fredagen nest føre Jonsok i det herrens år 1449". På baksiden står det: "Breff for Stenbru". Signert Riksarkivet, Kristiania, 20.mars. 1920.
    Photo: Haugalandmuseet

Dokument

Add a comment or suggest edits

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to