• Motiv frå visa om Aasmund Frædegjeva
Hovudmotiv: Ljos beige/kvit duk med raude flekkar. To sterkt raude ljosestakar med detaljar i blått med to kvite ljos i kvar stake med blafrande flamme. Svarte/brune ormar dansar på bordet. To ljosbrune stolryggar mot gråsvart og ljos grå/lilla bakgrunn. Høgrygga stol med raud flekk i ljosbrunt treverk ved enden av bordet. Svart orm henger over setet. Mellom duk og bord kjem det fram eit tryne med tre klør på kvar side. 
Sidemotiv: til høgre, loddrett bord med tre åmefigurer. På motsatt side av hovudmotivet, ein breidare loddrett bord med fleire figurar, mellom anna ein samankrølla åme. Heilt til venstre er det ein loddett bord med fargesjatteringar. Att med den er det ein ljos brun dør med svart jarn. Svart tekst over. 
Oppe: beige bord med slyng i mørkare beige, svart tekst. 
Nede: Svart tekst på golv på beige bakgrunn med raude flekkar. Smal vannrett bord, ljosbrun under. Nederst ein vannrett bord med ljosblå dyr og beige stenglar på ljosbrun sopp - alt på gråsvart bakgrunn. Svart kant rundt heile teppet, smalast på kortendane.
    Photo: Hordamuseet

Biletvev

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to