• Motiv frå visa om Aasmund Frægdagjeva
Hovudmotiv: Trollskapning, kvinneskikkelse (Gygre) sterkt nuppete grå/rosa kropp. Nuppete gråsvart kjole, svart mønster i skjørtekant. Mørkt grått hår. Blågrøn cape med ljosgrønt mønster fell nedetter ryggjen. To ljosbrune armringar. Svarte klør og tryne som villgris. Mann med ljosbrune og blå klede, ljosbrune høge sko, hjelm og sverd med raude flekkar i handa. Kvinne sit i ein stol/gøymer seg bak mannen, hun har grøn kjole med gule dekorelement. Langt ljost hår og hjelm. Stolen er grå med krosslignande dekor. Setet er kvitt med raude detaljar. Bak dei er det to plassbygde senger som er oppreidd med dyne og pute. Dyna er kvit med raude detaljar, puten er berre kvit. Sengane er dekorerte med raude og gule dekorelementer.
Sidemotiv: til venstre eit loddrett felt i grått med svart tekst øvst. Ei dør i ljosare gråfarge med svart jarn midt i sidefeltet. 
Oppe:  vannrett bord med  5 dragar og eit vikingskip på ljosgrå og svart bakgrunn. 
Nede: vannrett bord - kan også tolkast som gulvi motivet med svart skrift. Sokkel under stolen i okerfarge med svart skrift på sida, kvit oppå. 
Heilt nedst på teppet er det ein vannrett bord i grått med dekor av ormar og noko som kan tolkast som beslag/låser.

Svart kant rundt heile teppet, smalast på kortsidane.
    Photo: Hordamuseet

Biletvev

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to