• Motiv frå visa om Aasmund Frægdagjeva
Hovudmotiv: Brunkledd mann med raude flekkar på kleda med sverd løfta over hodet - klar til hugg. 4 troll sit rundt eit langbord, ein på enden i ljosbrun stol og tre på benk med bordet framfor seg. Trolla er i ljose gråfargar, rufsete og langhåra. Dei har klør på hender og føter. På bordet står eit drikkehorn att med trollet i stolen og ein bolle i henda/klørene til det midterste trollet på benken. Bordet har 18 ringar, 9 oppe og 9 nede festa på. Bak hovudmotivet er det ein vegg med tre bua opningar, 2 smale og ein stor. Inni buane er det svart farge. Veggen bak trollet i stolen er dekorert med figurer. 
Sidemotiv: Heilt til venstre er det ei loddrett bord med sikksakk mønster med ovale dekorelementer i raudt, grøn, kvit og blå farge. Tisvarande bord på høgre side også. Att med denne borden, eit grått felt med svart skrift øvst og ei dør under. Døra har svarte beslag, dørklinka har raude flekkar (blod?).
Oppe: vannrett bord med svart skrift og dekor rundt, også i svart, alt på ljos grå bakgrunn. 
Nede: gulvet i motivet er ljos beige med svart skrift og raude flekkar. Vannrett bord heilt nedst med blå bukkar, beige ormar og blå strå, alt på svart bakgrunn.

Svart kant rundt heile teppet, smalast på kortsidane.
    Photo: Hordamuseet

Biletvev

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to