• Motiv frå visa om Aasmund Frægdagjeva
Hovudmotiv: Brunbeige fole med svart man og hale. Halen står rett ut bak som om folen står i sterk vind. Hestedekken i blågrøn farge med dekor i kvitt/ljos gul. Blome og blomeornamentikk er hovudmotiv, dekkenet er kanta med ein bord med geometriske figurer. Bjøller heng frå buk og sele.  I bakgrunnen bak folen er det mur med bua opningar der landskap med nattehimmel kjem til syne i to av dei. Den tredje og siste bua opninga er større og har ei søyle på midten med dekor nedst. Folen er bunden frå grima til ei krok på ei halvvegg/mur. Over muren er det to brune bukkar som står mot kvarandre, gråbrun katt på ein hylle over. Att med opninga til denne største bua er det ei ljos grå vegg med dekor i ljosgul/kvitt. Beige golv med svart tekst.

Sidemotiv til venstre, eit grått felt med svart skrift øvst og dør under. Døra er ljos brun med svarte beslag og ein raud flekk (blod?). Ein raud flekk foran døra også. 

Oppe: ei vannrett bord med edderkoppspinn, så ei bord med ei raud vevkjerring att med eit raudt dyr/drakelignande skapning på grå botn.
Nede: vannrett bord med tekst og dekor i blågrøn farge, så sirkelrunde figurer, skjold? i ljos gul og raudbrun farge.

Svart kant rundt heile teppet, smalast på kortsidane.
    Photo: Hordamuseet

Biletvev

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to