• Plakat for Dei nynorske festspela i 2016. Dei nynorske festspela er den fremste festivalen som feirar nynorsk skriftkultur og dialektane. Festivalen vert arrangert årleg i Ørsta / Volda. Temaet i 2016 var "Morsmål". Fylkesordførar Jon Aasen hadde opningstalen, medan det var opningskonsert med Heine Totland og Gisle Børge Styve. Festspeldiktar dette året var Ruth Lillegraven, og Ole Lislerud var festspelkunstnar. Johan Myking heldt stemnetale, medan Hans Johan Sagrusten hadde preike. Det var minneforedrag av Unn Røyneland med temaet "Morsmål i det fleirspråklege samfunnet". Guy Puzey tok opp temaet "Morsmål er det språket du kan banne på" i innslaget All verdas språk. Det var også konsert i Volda kyrkje med songlaget i BUL i Oslo - "Den song som allting heilar". Nynorsk kultursentrum var arrangør for arrangementet. Plakaten viser ein illustrasjon av eit tre med tekst på ulike språk i. Plakaten er signert av Ruth Lillegraven, og den er i glas og ramme.

Kjelde:
https://www.allkunne.no/framside/tema-nynorsk/institusjonar-organisasjonar-med-meir/dei-nynorske-festspela/29/860/ (Lesedato: 13.08.2020)
    Photo: Almedal, Henry / Nynorsk kultursentrum (Opphavsrett)

Dei nynorske festspela [Plakat for Dei nynorske festspela 2016]

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Order this image

Share to