History
-
- I 1946 stod det steinhuset ferdig som avløyste Gamlemuseet frå 1898. Riksprogramsjef i NRK og redaktør i Syn og Segn, Olav Midttun, stod for opninga av huset 4.8.1946, som fekk namnet Nyemuseet, seinare Galleriet og no vert det kalla Steinhuset. Med hovudbygningen på plass blei huset i 2000 omdøypt til Galleriet. Huset er teikna av Asbjørn Barstad. På austveggen heng ein plakett med Ivar Aasens profil, laga av Augusta Finne i 1898. I samband med bygging av utescena vart det laga ny døropning i steinhuset mot hovudbygningen. Både inngang og tilkomst er lagde til rette for rørslehemma og opnar for ny bruk av Steinhuset. Steinhuset blei rehabilitert sommaren og hausten 2012. et vart lagt heilt nytt golv, med golvvarme, installerte ventilasjonsanlegg og ikt-anlegg, la lyddempande plater i taket, monterte tilsvarande plater på veggene i hovudrommet, og fekk med dette eit heilt nytt rom. Alt arbeidet blei utført i samråd med arkitekt Hille & Strandskogen. Fram til mars 2014 vart dette brukt som arbeidsplassar for tilsette i Språkåret 2014. Etterpå vart rommet opna til bruk heile året som møterom, og som utstillingsrom etter behov.
Oppføring: 1946
Endring: 2012
Relation
Classification
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierIAAM-B-0004
- Part of collectionIvar Aasen-tunet
- Owner of collectionNynorsk kultursentrum
- InstitutionNynorsk kultursentrum
- Date publishedAugust 13, 2021
- Date updatedMarch 1, 2024
- DIMU-CODE0210510500989
- UUID79dc6924-7be9-4d3f-baef-994b51c59021
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».