• Skurdalen kapell vart oppført i 1969 og er teikna av arkitektane Skoug og Skoug. Etter at det hadde vore planar om bygging av kyrkje på staden sidan tidleg på 1900-talet, vart det i 1917 gjeve pengar av T. Myhre til formålet, og i 1938 vart gravplass innvigt. Men først i 1967 vart det vedteke at kyrkja skulle reisast.

Kyrkja har eit trekantforma grunnplan, der hovudinngangen er på nordvestsida og koret i søraust. Takflatene er dominerande. I eit loddrett gap mellom korets tak og skipets tak er det laga lysspaltar. Betongveggane er låge og forblenda med naturstein utvendig. Innvendig er det murvegger og golv av pussa betong.

Interiøret er enkelt, og det er korets bakvegg som er blikkfanget i kyrkjerommet. Alterbildet er eit stort skulpturalt arbeid i tre, kobbar og glas, laga av Victor Sparre. Bildet framstiller den oppstandne Kristus med utstrekte armar, omgitt av lidingssymbol – ein isopstilk med svamp, stige, naglar, tornekrone, terning og lansespiss. Eit alterkrusifiks av emaljert koppar er laga av Sparres elev. I staden for kyrkjebenker er det samankopla jærstolar.

Kjelder:
Christie, Håkon og Sigrid: Norges kirker, Buskerud I, Oslo 1981
    Photo: Hovedorganisasjonen KA

Skurdalskyrkja

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to