• Geilo kyrkje er ei lita, tidstypisk langkyrkje i tre frå 1890, oppførd av Ole Olssøn Sollie frå Torpo, etter teikningar av J. W. Nordan. Kyrkja ligg i skrånande terreng oppe i dalsida, omgjeven av kyrkjegarden, som vart etablert i 1883. Tidlegare heitte kyrkja Ustedalen kapell, til Geilo vart eige sokn i 1988.

Kyrkja vart sett i stand i 1959-60. Då vart skifertekkinga på taket lagd om, og kyrkja fekk nytt våpenhus, sakristi og dåpsventerom. I kjellaren vart det laga bårerom og toalett, og kyrkja fekk nytt orgel på galleriet.

Kyrkjerommet er rektangulært med lågare og smalare kor. Veggene er panelte og måla, og det er opne, panelte himlingar over kor og skip. Over inngangspartiet er det orgelgalleri. Interiøret i kyrkja er frå 1890, men fargesetjinga er ikkje den opphavlege. Det noverande fargevalet er gjort av Brusletto og Rueslåtten i 1960. Altartavla er eit måleri av Korsfestinga i nygotisk ramme, moglegvis frå 1890.

Kjelder:
NIKUs kyrkjeregister
Rasmussen, Alf Henry: Våre kirker. Norsk kirkeleksikon, Kirkenær 1993
www.kirken.no/tunsberg
    Photo: Hovedorganisasjonen KA

Geilo kyrkje

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to