• Sunnylven kyrkje, som vart innvigt i 1859, er ei langkyrkje med smalare kor og med takryttar over våpenhuset i vest. Kyrkja er bygd i utvendig panela laft etter teikningar av kaptein Rolfsen frå Nordfjordeid. Formene er henta frå typeteikningar av arkitektane Linstow og Grosch. Kyrkja ligg høgt og fritt over Hellesylt sentrum.

I kyrkjerommet er det flat himling, og det er søyler og lav korskranke mellom koret og skipet. Interiøret er måla i fleire gråtonar med detaljering i raudbrunt. Denne fargesettinga vart gjort av Per Vigeland i 1934, då kyrkja vart pussa opp og fekk mykje nytt inventar.

Altertavlas ramme, med blant anna knelande englar i utskoren trerelieff, er laga av Ole Elias Kjellstad i 1934 og måla av Per Vigeland, som også har måla alterbildet med Oppstandinga. Glasmåleria i kyrkja er òg laga av Vigeland. Dei to vindauga i koret med trøystande englar er frå 1934, og Krosslammet over hovudinngangen frå 1959. Ole Elias Kjellstad laga på 1970-talet til saman fjorten trerelieff til kyrkja – de fire evangelistane som er monterte på preikestolen, og apostlane monterte i rektangulære rammer på vestveggen under galleriet.

Kjelder:
NIKUs kyrkjeregister
    Photo: Hovedorganisasjonen KA

Sunnylven kyrkje, Hellesylt

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to