• Stranda kyrkje er ei åttekantkyrkje i tre, oppført i 1838. Knut S. Øye var byggjeleiar. I 1904 gjennomgjekk kyrkja ei omfattande istandsetting, blant anna vart koret panelt, vindauga gjort større og benkane skifta ut. I 1927 vart koret utvida og sakristi bygd til.

Veggmåleria i koret, som er måla av Jonas Peson på 1940-talet, har følgjande motiv: Skrifta vert granska, Den gode hyrdingen, Forklåringa på berget, Jesus i Getsemane, Himmelferda og Jesus velsignar småborna. I midten over altertavla ser ein den lysande krossen mot himmelen. Glasmåleria i skipet viser Heilag Olav i bøn før slaget på Stiklestad og Olav Tryggvason sin landgang på Moster. I vindauga i koret er det symbol for Gud Fader og Den Heilage Ande og Kristus og nattverden.

Altertavla er eit alterskåp med to dører. Motiva viser erkediakon Laurentius sitt virke og martyrium i åtte bilete. Midtmotivet er den himmelkrona Jomfru Maria med Jesusbarnet, flankert av Laurentius med rista som han vart brent på, og Andreas med krosssen.

Kjelder:
Berge, Ivar og Kaare Bakke: Stranda kyrkje 150 år, Stranda 1988
Rasmussen, Alf Henry: Våre kirker. Norsk kirkeleksikon, Kirkenær 1993
    Photo: Hovedorganisasjonen KA

Stranda kyrkje, Stranda

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to