• Stedje kyrkje, som vart innvigt i 1867, vart prefabrikkert i Christiania og frakta og sett opp på Stedje, der ho ligg på ein åsrygg sør i bygda, med vidt utsyn. Kyrkja er prega av nygotiske former og av inspirasjon frå stavkyrkjene. Ho er oppført i panela bindingsverk etter Chr. Christies teikningar, og har basilikaform, det vil seie at taket over midtskipet er høgare enn over sideskipa. Det er vindaugsrekker oppunder taket i veggfelta mellom skipa.

Innvendig har veggane umåla panel som vart lagt i 1929, då også veggane vart isolert og innervindauga fekk farga småruter. Fargane i interiøret er frå 1967, og er antakelig ikkje dei opphavlege. Galleriet vart utvida i 1913 og fekk ny brystning i 1967.

Altertavla er i nyklassisistisk stil, med trekantgavl med nygotisk dekor. Alterbildet viser Kristus Consolator, eller Jesus som trøystar, måla i 1891. Bildet er ein kopi etter alterbildet i kyrkja Sofie Albertina i Landskrona, som er måla av Carl Bloch. I kyrkja heng eit krusifiks som opphavleg stod på alteret. Det er skore av Brynjulv Bergslien i 1867. Bronselysekrona i skipet er frå 1672, og hang opphavleg i Mariakyrkja i Bergen, før ho kom til Stedje i 1867.

Kjelder:
NIKUs kyrkjeregister
    Photo: Hovedorganisasjonen KA

Stedje kyrkje

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to