• Leikanger kyrkje, Leikanger

Leikanger kyrkje er ei steinkyrkje frå rundt 1250. Kyrkja hadde opphavleg rektangulært grunnplan med skip og kor i eitt. Kring 1872 vart eit lågare og smalare kor bygd til, med sakristi mot nordaust. Samstundes vart tårnet frå 1600-talet erstatta med eit nytt i nygotisk stil. Då kyrkja i 1930-50-åra vart restaurert under leiing av arkitekt Johan Lindstrøm, vart tårnet frå 1800-talet rive og erstatta med det noverande, i 1600-talets stiluttrykk.

Kyrkjeskipet har inngangsportal mot vest og fire rundboga vindauge mot sør. Korportalen er stor og open, og korskiljet er rekonstruert, kanskje med delar frå det tidlegare korskiljet frå 1600-talet. Over kyrkjerommet er det tønnekvelva himling av umåla furubord. Kyrkjebenkene er frå istandsetjinga på 1930-50-talet, men på orgelgalleriet i vest står eldre kyrkjebenker med utskorne, boga benkevanger.

Preikestol og altertavle er i renessansestil. Portalfeltet på preikestolen har måleri av evangelistane Matteus, Markus og Lukas, medan det sørlegaste feltet er rekonstruert og manglar bilete. Altertavla frå 1600-talet er todelt. Nedre del har tre felt med bilete og tekst. Midtmotivet er Krossfestinga, med Maria og Johannes ved foten av krossen, flankert av Bodskapsdagen til venstre og Jesu fødsel til høgre. Under bileta står Fader vår og Innstiftingsorda til nattverden. Over Krossfestinga ser ein Oppstoda og Himmelfarta. På tverrbjelken i korskiljet står ein kopi av eit romansk triumfkrusifiks. Originalen finst ved Bergen museum.

Kjelder:
Hoff, Anne Marta: Kirkeregistreringer, NIKU, for www.norgeskirker.no
Rasmussen, Alf Henry: Våre kirker. Norsk kirkeleksikon, Kirkenær 1993
    Photo: Hovedorganisasjonen KA

Leikanger kyrkje, Leikanger

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to