• Oppstryn kyrkje, som vart innvigt i 1863, er ei forholdsvis enkel langkyrkje, oppført etter J. W. Nordans teikningar. Kyrkja har rektangulære vindauge og nokre nygotiske detaljar, og tårnet i vest har saltak med takryttar over. I middelalderen stod kyrkja på Nesje, men då denne vart teken av snøskred på byrjinga av 1660-talet, vart kyrkjestaden flytta, og ny kyrkje vart bygd på Fosnes, same stad som den noverande Oppstryn kyrkje står.

Kyrkjerommet er einskipa med flate bjelkehimlingar som er avstiva med bjelkebogar ut mot veggane. Galleriet over hovudinngangen har korte sidearmar langs langveggane. I 1963 vart det bygd nytt og større sakristi bak koret.

Altertavla er eit måleri av Jesus i Getsemane med nygotisk innramming, truleg laga i 1910. Over døra på sørsida av skipet er det eit blyglasvindauge med glasmåleri. Vindauget vart sett inn i 1938, men det er antakelig laga på 1600-talet. Under galleriet på skipets vestvegg heng eit bilde frå 1770 av Jesus i Getsemane og eit måleri av dei kloke og dei dårlege jomfruer, laga i 1714. I kyrkja heng det også ein del av ei katekismetavle frå 1600-talet, det vil seie ei altertavle med skrift i staden for bilete. Denne tavla var vorte brukt som kornbinge på Nesje før ho vart hengd opp i kyrkja igjen ca. 1934.

Kjelder:
NIKUs kyrkjeregister
    Photo: Hovedorganisasjonen KA

Oppstryn kyrkje

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to