• Borgund stavkyrkje

Borgund stavkyrkje, frå slutten av 1100-talet, er ei av stavkyrkjene i landet som er best tekne vare på. På grunn av den karakteristiske utsjånaden, med tak over tak, sponkledning, svalgang, dragehovud og kross på mønekammane og takryttar med spir, har Borgund vore brukt som førebilete ved andre stavkyrkjerestaureringar. Koret har halvrund avslutning, apside, etter førebilete frå steinkyrkjene i middelalderen. Kyrkja har tre inngangsportalar, og særleg vestportalen er rikt utskoren. Klokkestøpulen utanfor kyrkja er også i stavkonstruksjon.

Kyrkjerommet har stolpebore opphøgd midtrom både over skip og kor. Den berande konstruksjonen med stolpar, eller stavar, feste i ein horisontal bjelke ovantil og ein botnsvill nedantil, har gjeve opphavet til nemninga stavkyrkje. I samband med restaurering på 1870-talet vart tønnekvelv, galleri og inventar og dekor frå etter reformasjonen fjerna. Preikestolen er frå 1500-talet, og altertavla i renessansestil er frå 1654.

Fortidsminneforeininga overtok Borgund stavkyrkje då den nye kyrkja på staden stod ferdig i 1868. I 2003 bygde foreininga besøkssenter med stavkyrkjeutstilling 200 meter frå stavkyrkja, for å ta seg av den store turisttrafikken. Besøkssenteret er teikna av Askim/Lantto Arkitekter AS.

Kjelder:
Anker, Leif: De norske stavkirkene, Oslo 2005
www.fortidsminneforeningen.no. Lest: 21.11.11
    Photo: Hovedorganisasjonen KA

Borgund stavkyrkje

Add a comment or suggest edits

To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».

Leave a comment or send an inquiry

Share to